Innføring i rettleiingpedagogikk

Etter- og vidareutdanning, våren 2018

Få ein grunnleggjande teoretisk innføring og praktisk trening i dei viktigaste prinsippa og metodar i rettleiing i kombinasjon med rettleia praksis.

Studiet er eit tilbod til dei mange og gode samarbeidspartnarane som helse- og sosialfagsutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet har i praksisfeltet i Hordaland. Målgruppa er rettleiarar av våre studentar.

For å oppnå 6 studiepoeng må du svare på ei oppgåve og få den vurdert til bestått. Kursbevis blir skrive ut til dei som ikkje leverer oppgåve.

Kva blir du kvalifisert for?

Innføring i rettleiingsmetodikk kan inngå som første emne (6 studiepoeng) i vidareutdanning i rettleiingspedagogikk som er på 30 studiepoeng.

Timeplan

Innføringsemnet går i veke 10 og 14, vårsemesteret 2018. Undervisninga er lagt til onsdag, torsdag og fredag i veke 10 og 14 kl. 09.00 - 15.15.


Det er obligatorisk oppmøte på alle 6 undervisningsdagar.