Studieplan - Akuttsjukepleie for kommunehelsetenesta

Kull hausten 2019

I stortingsmelding 47 (2008-2009) vert det framheva at betre samhandling bør vere eitt av helse -og omsorgssektoren sine viktigaste utviklingsområde, og at desse utfordringane omfattar både pasientperspektivet og det samfunnsøkonomiske perspektivet. Samhandlingsreforma legg til grunn ei forskyving av tenester frå spesialisthelsetenesta til eit større fokus på kommunehelsetenesta. Kommunen skal ivareta perspektiva tidleg førebygging, tidleg intervensjon, tidleg diagnostikk, behandling og oppfølging slik at det heilskaplege pasientforløpet kan ivaretakast innanfor beste effektive omsorgsnivå (BEON). Ei tilrettelegging som medfører at sjukdomsutvikling vert hindra eller utsett, er bra for folk si helse og for samfunnet sin økonomi. I samhandlingsreforma vert det lagt til grunn at den forventa veksten i behov i ei samla helseteneste i størst mogleg grad må finne si løysing i kommunane. Dette krev ei endring i kommunane si rolle slik at ein i større grad vert i stand til å førebygge og iverksette tiltak i ein tidleg fase av pasienten sitt sjukdomsforløp.

Frå 2016 fekk kommunane plikt til å tilby innbyggjarane sine strakshjelp (ØH-tilbod) med døgnopphald. Dersom legen etter utgreiing har konkludert med avklara diagnose, og pasienten kan gjevast ei kjent og standardisert behandling like god som i sjukehus, kan pasienten leggast inn i det kommunale ØH-tilbodet. Dette tilbodet omfattar og akutt hjelp til personar med psykiske lidingar og rusproblem (Omsorgsdepartementet, 2009, 2013).Studiet legg vekt på å utdanne sjukepleiarar som er tilpassa dei nye kommunale oppgåvene.

Læringsutbytte

Etter fullført studium skal sjukepleiaren vere kvalifisert til å førebyggje og iverksette tiltak for å unngå sjukdomsforverring og vere kvalifiserte til å sette i verk livreddande fyrstehjelp ved akutt sjukdom. Sjukepleiaren skal gjere systematiske observasjonar, vurdere og melde desse vidare, og i samråd med lege avgjere om pasienten skal leggast inn på sjukehus eller behandlast i kommunehelsetenesta.

Etter fullført utdanning har/kan  studenten:

Kunnskap

  • inngåande kunnskap om normal aldring og funksjonstap
  • inngåande kunnskap om pasienten, pårørande og personalet sine opplevingar, reaksjoner og meistringsstrategiar ved akutt og/eller kritisk sjukdom
  • avansert kunnskap om den akutt/kritisk sjuke pasienten
  • avansert kunnskap om forverring av kronisk sjukdom
  • avansert kunnskap om førebygging og tidleg iverksetting av tiltak
  • inngåande kunnskap om brukarmedverknad
  • inngåande kunnskap om smertelindring, lindrande behandling, infeksjonar og behandling av infeksjonar, ernæringssvikt og uttørking
  • inngåande kunnskap om offentleg sakshandsaming
  • inngåande kunnskap om relasjons - og kommunikasjonsprosessar i samarbeid med pasientar/brukarar, pårørande og kollegaer

Ferdigheiter

  • identifisere og analysere den akutt kritisk sjuke pasienten sin tilstand ved svikt, eller fare for svikt i vitale fysiologiske funksjonar relatert til ulike aldrar
  • identifisere og analysere akutte situasjonar, prioritere og handle raskt og forsvarleg slik at pasientane sine livsviktige funksjonar vert oppretthaldne/gjenoppretta
  • meistre bruk av nødvendig medisinsk utstyr
  • undervise og rettleie pasient/brukar og pårørande slik at dei kan kjenne att symptom på forverring og sjølve kan medverke til å fremje helse  og meistre sin sjukdom
  • leggje til rette for myndiggjering av brukar/pasient i sitt arbeid
  • meistre god samhandling mellom ulike tenestenivå og dei enkelte tenestene for å sikre eit heilskapleg og samanhengande pasientforløp

Generell kompetanse

  • dokumentere og kvalitetssikre sjukepleieutøvinga
  • reflektere rundt etiske og juridiske problemstillingar og handle etisk og juridisk forsvarleg
  • arbeide sjølvstendig og kunnskapsbasert og vere kritisk til eiga yrkesutøving 
  • delta aktivt i fagutvikling og nytenking innafor fagområdetS

Innhald

Studiet er organisert som samlingsbasert deltidsstudium, og det bygd opp omkring ni tema.

Tema 1 Normal aldringsprosess og funksjonssvikt

  • Sjukepleie og omsorg til eldre og pasientar med funksjonssvikt
  • Aldring med vekt på biologiske endringar
  • Vedlikehald av funksjonsnivå
  • Aldring-psykologisk og sosialt
  • Normal aldringsprosess og funksjonssvikt, og korleis dette verkar inn på dei ulike sjukdomstilstandane 
  • Lindrande behandling /døyande i heimen

Tema 2 Sjukepleie knytt til kardiologiske og nevrologiske sjukdommar

  • Årsaker, symptom, vurdering, diagnostikk, behandling og omsorg til pasientar med hjartesjukdom og sirkulasjonssvikt
  • Arytmitolking og iverksetting av livreddande tiltak
  • Prosedyrer og bruk av medisinsk teknisk utstyr
  • Årsaker, symptom, vurdering, diagnostikk, behandling og omsorg til pasientar med hjerneslag
  • Årsaker, symptom, vurdering, diagnostikk, behandling og omsorg til pasientar med epileptiske anfall
  • Årsaker, symptom, vurdering, diagnostikk, behandling og omsorg til pasientar med andre nevrologiske lidingar

Tema 3 Sjukepleie knytt til infeksjonar og lungesjukdom

  • Årsaker, symptom, vurdering, diagnostikk, behandling og omsorg til pasientar med lungesjukdom (KOLS og respirasjonssvikt, lungekreft)
  • Respirasjonsstøttande utstyr som maskebehandling, CPAP, BIPAP, heimeventilator og respiratorbehandling
  • Oksygenbehandling, saturasjonsmåling og fjerne slim frå øvre og nedre luftvegar
  • Årsaker, symptom, vurdering, diagnostikk, behandling og omsorg ved ulike infeksjonstilstandar (pneumoni, UVI, sepsis)

Tema 4 Sjukepleie knytt til diabetes

  • Årsaker, symptom, vurdering, diagnostikk, behandling og omsorg til pasientar med diabetes
  • Hypo/hyperglycemi 

Tema 5 Sjukepleie ved ernærings- og hydreringsproblematikk.

  • Kartlegging og vurdering av pasienten sin ernærings- og væskestatus og iverksetting av tiltak for pasientar som treng enteral- og parenteral ernæring.
  • Intravenøs væskebehandling
  • Førebygging og behandling av dehydrering og underernæring ved sjukdom
  • Væske- og elektrolyttstatus
  • Dehydrering/overhydrering
  • Planlegging og tilrettelegging av tiltak for å få dekke pasientane sitt ernæringsbehov ved akutt sjukdom
  • Innlegging av veneflon, kateter, sonde og stell ved sterile prosedyrer som kateter, pyelostomikateter, SVK, veneport, veneflon, tracheostomi, sonde og PEG
  • Praktiske øvingar og bruk av medisinsk teknisk utstyr
  • Væskebehandling ved livets slutt 

Tema 6 Sjukepleie til pasientar med smerte. Smertebehandling ved akutte og kroniske smerter.   

  • Kartlegging og vurdering av smerter og smertelindring hjå vaksne
  • Sjukepleie til pasientar med akutte og kroniske smerter
  • Observasjonar, behandling og førebygging av komplikasjonar i den postoperative fasen (aktivitet, smertelindring, infeksjonsteikn).
  • Smertebehandling til pasientar med kreft og omsorg og pleie ved livets slutt
  • Smertelindring og rusproblematikk

Tema 7 Akuttsjukepleie til pasientar med akutte hendingar og skade

  • Akuttsjukepleie ved svikt eller trussel om svikt i vitale funksjoner
  • Klinisk vurdering av den akutt sjuke pasienten (Aairways, Breathing, Circulation, Disability, Exposure /ABCDE) (ALERT/SATS, MEWS)
  • Skader (Bruddskader, blødning, fallskade, hjernerystelse
  • Akutt psykiatri og handtering av akutt psykisk sjuke.
  • Akuttpsykiatri- Kriterium for innlegging i KAD-sengar.
  • Akutt delir, depresjon, angst og psykose
  • Overvaking av pasientar og bruk av tvang 

Tema 8 Samarbeid, samhandling og meistring

  • Kommunikasjon og rettleiing av pasient/brukar og pårørande slik at brukarmedverknad og førebygging er i fokus
  • Kommunikasjon, rettleiing og informasjon til pasientar og pårørande ved akutt sjukdom.
  • Metodar for å fremje pasienten si meistring ved akutt sjukdom.
  • Relasjon- og kommunikasjonsprosessar i samarbeid med pasientar/brukarar, pårørande og kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid og samhandling for å sikre gode pasientforløp
  • Etiske og juridiske utfordringar ved sjukdom, samt samarbeid og samhandling
  • Refleksjon kring etiske og juridiske utfordringar i høve medisinsk behandling
  • Offentleg sakshandsaming
  • Telemedisin

Tema 9 Akademisk skriving, , bruk av forskingsbasert kunnskap og evidensbasert praksis

  • Forskingsbasert kunnskap og bruk av forsking
  • Ulike forskingsmetodar
  • Bruk av forskingsbasert kunnskap i fagleg skriving og  eigen praksis.

Praksis

Praksisstudium 2 veker

2 dagar ambulanse, 2 dagar akuttmottak, 2 dagar intensiv, 2 dagar legevakt

Fokus i praksisstudium

  • Pasientobservasjonar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Øving på prosedyrar og å gjere seg kjend med kunnskapsgrunnlaget for desse
  • Gjere seg kjent med arbeidsoppgåver og kunnskapsgrunnlaget for desse
  • Nettverksbygging

Arbeidsformer

Vi ser på læring som ein aktiv prosess, og vi legg vekt på at ulike former for læring mot formulert læringsutbyte føreset aktiv studentdeltaking. Det er ynskjeleg at studenten er i dialog med si eiga erfaring og med ny kunnskap som vert formidla av andre i faglitteratur, publisert forsking, og i fellessamlingar med dialogbaserte førelesingar og praksisstudiar.

Utdanninga er organisert med fellessamlingar, gruppearbeid, øvingar, eigenstudiar, rettleiing, skriftleg arbeid og praksisstudiar i ambulansetenesta, akuttmottak, intensiv avdeling og legevakt. Mellom samlingane vil kommunikasjon med studentane gå føre seg ved hjelp av e-læringsverktyet Fronter.

Vurderingsformer

Arbeidskrav

Arbeidskrav 1

Sertifisering i hjerte- lungeredning 

Arbeidskrav 2

HLR-øving for kollegaer på arbeidsplassen eller på sjukepleiesenteret 

Arbeidskrav 3

Timeplanfesta kunnskapsbaserte øvingar på sjukepleiesenteret 

Arbeidskrav 4

80 % obligatorisk frammøte til timeplanfesta aktivitet og praksis. 

Arbeidskrav 5

Gruppeoppgåve knytt til tema 8 og 9

Kritisk vurdering av artikkel.

Omfang: Maksimum 3000 ord

Arbeidskrav 6:                

Framlegg i plenum. Tema skal ha utgangspunkt i praksis på intensiv, akuttmottak, ambulanse og/ eller i kommunale akuttsenger. Framlegget skal vise til samanhengar mellom forsking og praksis. Tilbakemelding i plenum av lærar og medstudent. 

Sluttvurdering

SK111 Skuleeksamen, individuell over 5 timar.

Vurdering: Karakterskala A-F