Maritime Management

Bachelor, hausten 2019

Maritime Management er spesialtilpassa deg som har to-årig maritim fagskule. Dersom du har gjennomført maritim teknisk fagskule med fordjuping dekksoffiser på leiingsnivå eller maskinoffiser på leiingsnivå, er dette utdanninga for deg!

Studiet er eit samarbeid mellom Universitetet i Sørøst-Norge, NTNU, UiT Norges arktiske universitet og Høgskulen på Vestlandet, og startar som ein pilot hausten 2019.

Innhaldet i studiet er utarbeidd på bakgrunn av innspel frå maritimt næringsliv frå heile landet og tidlegare fagskuleutdanna.

Gjennom studiet lærer du om

  • informasjonsteknologi i den maritime sektoren
  • økonomi og logistikk
  • organisasjon og leiing
  • risiko- og kvalitetsleiing
  • prosjektleiing
  • forskingsmetode og akademisk skriving

I 4. studieår vel du i hovudsak sjølv innhaldet gjennom valemne (sjå studieplanen), og i siste semester skriv du bacheloroppgåve.

Studieprogrammet går på deltid, og er tilpassa deg som er i jobb.

Undervisningsmåtar

Studiet er nettbasert med to samlingar á 4-5 dagar i kvart semester. Samlingane vil bli fordelt tilnærma likt på kvar av dei fire utdanningsinstitusjonane. Du må sjølv dekke reise og opphald i samband med samlingane.

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, seminar, praktiske øvingar, ulike former for individuelt arbeid og gruppearbeid, bedriftsbesøk, rettleiing med meir. Mellom samlingane er det lagt opp til sjølvstudium.

Før, mellom og etter samling vil du ha kontakt med emneansvarleg, forelesarar og medstudentar ved hjelp av ulike digitale verktøy.

Kva kan du jobbe med?

Fullført utdanning, gjerne kombinert med sjøoffisersertifikat, gjer deg attraktiv som sjøoffiser om bord i alle typar skip lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Du vil også vere attraktiv i den landbaserte delen av den maritime verksemda.

Vil du studere meir?

Du kan bygge på utdanninga di med relevante masterstudium i inn- og utland.

Timeplan

Samlingane haust 2019

  • Første samling: måndag 16. til torsdag 19. september
  • Andre samling: tysdag 5. til fredag 8. november

I tillegg blir det fleire undervisningsøkt på nett mellom samlingane. Desse er førebels sett opp 30. september, 11. oktober og 21. oktober.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for eit studieopphald i utlandet i siste studieår.

Du kan blant anna reise til: