Barnehagelærar, deltid

Bachelor, hausten 2019

Trivst du saman med barn? Som barnehagelærar møter du nysgjerrige ungar med mykje på hjarta, og du skal gi dei svar, kunnskap og eit utviklande miljø i kvardagen. Du skal også vere ein leiar og samarbeidsperson for kollegaer, foreldre og fagpersonar.

I barnehagen skal ungane utvikle seg og vekse gjennom organiserte aktivitetar og fri leik. Som barnehagelærar har du eit viktig fagleg ansvar for å lage eit tilbod med god kvalitet, og du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar.

Barnehagelærarutdanninga er inndelt i seks kunnskapsområde:

  • barns utvikling, leik og læring
  • språk, tekst og matematikk
  • natur, helse og bevegelse
  • kunst, kultur og kreativitet
  • samfunn, religion, livssyn og etikk
  • leiing, samarbeid og utviklingsarbeid

I tillegg skriv du bacheloroppgåve, og har ei valfri fordjupingseining.  

For å få nok tid til studiet, bør du ikkje arbeide meir enn 60 % stilling.

Studiet har krav om politiattest  

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, seminar med meir. Du jobbar på eiga hand og i grupper, og får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Studiet er nett- og samlingsbasert, med følgjande opplegg:

  • Nettundervisning ein fast, heil dag kvar veke
  • Tre samlingar kvart semester á tre-fire dagar.
  • Lokalgruppesamlingar via nettet, der du deltar heimefrå

Slik foregår nettsamlingane

Praksis

Gjennom studiet har du 100 dagar rettleia praksis.

Kva kan du jobbe med?

Det er stor mangel på barnehagelærarar, og du er nærmast garantert jobb etter studiet. Du blir kvalifisert for pedagogiske leiarstillingar i barnehagar og som leiar i skulefritidsordninga (SFO). Du kan også jobbe i oppvekstsektoren i kommunar og fylke.

Vil du studere meir?

Du kan ta ulike master- og vidareutdanningar ved HVL, og spesialisere deg innan eit fagfelt du interesserer deg særleg for.

Oppstart

Hausten 2019

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studie- eller praksisopphald i utlandet som ein del av utdanninga.

Kor kan du reise?

Sjå korleis det er!