Byggingeniør, Y-veg

Bachelor, hausten 2019

Er du interessert i realfag og tekniske løysingar? Som byggingeniør skal du planlegge, prosjektere og leie arbeidet med nye bygg, anlegg, vegnett med meir, og du blir ettertrakta på jobbmarknaden.

Y-vegen er eit tilbod til deg som har yrkesfagleg utdanning med relevant fagbrev.

Sommarkurs i matematikk

Du startar med eit 6 veker langt matematikkurs (måndag-fredag) sommaren før du begynner på første året av bachelorutdanninga. Oppstart er 24. juni. Pensum omfattar det vesentlege av R1 og R2.

Gjennom studiet lærer du å

  • identifisere, planlegge og gjennomføre byggfaglege prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment
  • vurdere økonomi, miljø og samfunn i samanheng med teknologi
  • jobbe i team og gjennomføre prosjektarbeid

Du har emne innan både realfag, naturvitskap, teknologi, byggeteknikk og veg- og anleggsfag.

Prosjektoppgåver og bacheloroppgåve skjer i samarbeid med næringslivet, noko som gir deg ein unik sjanse til å komme i kontakt med framtidige arbeidsgivarar.

Merk deg at HVL tilbyr utdanningar innan fagområdet ved fleire studiestader , og at det kan vere lurt å legge inn fleire alternativ på søkarlista di.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar, ekskursjonar og prosjektarbeid med rettleiing. Delar av undervisninga kan bli på engelsk.

Delar av undervisninga blir overført frå campus Bergen via streaming og filmmodular.

Praksis

Det siste studieåret kan du ha praksis i ei av samarbeidsbedriftene våre.

Kva kan du jobbe med?

Du har eit stort spekter av jobbmoglegheiter hos mellom anna

  • bygge- og anleggsentreprenørar som driv med oppføring av bygg, samferdslekonstruksjonar, vegar, vatn/avløp og anlegg
  • ulike produksjonsbedrifter, mellom anna trevare, betong og produktutvikling
  • rådgivande bedrifter
  • energiforsyningsbedrifter
  • offentleg forvalting

Du jobbar både ute på anlegg og inne på kontor med administrative oppgåver.