Studieplan - Eigedomsmekling, bachelorstudium, Sogndal

Kull Hausten 2019

Studiet skal gje studenten ei brei kompetanseplattform for å arbeide som eigedomsmeklar, fagperson eller rådgjevar i privat næringsliv, offentleg sektor og andre organisasjonar. Studentane skal kunne arbeide som leiarar og mellomleiarar i privat og offentleg sektor.

Eigedomsmeklar er ein lovbeskytta tittel som set bestemte krav til kompetanse og praksis til dei som skal bruke tittelen. Finanstilsynet har i vedtak av 24.01.2008 godkjent studieplanen med endringar 20.03.2012, som grunnlag for å få tittelen eigedomsmeklar.

Studiet gjev både ei bransjespesifikk utdanning innanfor eigedomsmekling og ei økonomisk-administrativ utdanning.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Kandidaten

  • har kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
  • har brei og oppdatert kunnskap om relevante teoriar og metodar
  • har kunnskap om avgjerder på mikronivå innanfor private og offentlege organisasjonar med sikte på å koordinere bruken av knappe ressursar for å nå organisasjonen sine mål
  • forstår samfunnsmessige konsekvensar av avgjerder og det å handle i samsvar med juridiske, miljømessige og etiske standardar
  • har kunnskap om eigedomsmeklaren si rolle, arbeidsoppgåver og ansvar overfor kundar, publikum, offentlege styresmakter og eigedomsmeklarbransjen
  • har kunnskap om formidling, sal og utleige av fast eigedom
  • har kunnskap om korleis gjennomføre alle former for eigedomshandel når det gjeld kjøpar, seljar og styresmakter på ein korrekt måte
  • har kunnskap om korleis organisere eit eigedomsmeklarføretak og kjenne til kva slags krav som vert sette til rapportering, journalar og internkontroll
  • har kunnskap om korleis verksemder og eigedomsinvesteringar vert finansierte
  • forstår korleis organisasjonar fungerer, og korleis dei kan organiserast og leiast
  • har kunnskap om korleis produkt og tenester kan utviklast og marknadsførast
  • forstår korleis eit land sin økonomi vert påverka av for eksempel endringar i etterspurnaden, styresmaktene sin politikk, internasjonale forhold eller teknologisk utvikling
  • har kunnskap om ulike konkurransesituasjonar ut frå ei verksemd sin ståstad
  • har evne til å oppdatere kunnskap gjennom heile sitt yrkesaktive liv

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • kan gjere bruk av forskings- og utviklingsarbeid på praktiske problemstillingar som han/ho kan møte i arbeidslivet
  • kan planleggje og gjennomføre eigne prosjekt, jobbe saman med andre i grupper, kunne formidle fagstoff skriftleg og munnleg og kunne utveksle synspunkt og erfaringar, og slik sett bidra til utvikling av god praksis
  • har grunnleggjande ferdigheiter i å tolke og bruke lovreglar på konkrete problemstillingar
  • kan framstille innhaldet i rettsreglar for andre
  • kan praktisere lover og reglar som gjeld meklarbransjen
  • er i stand til å behandle klientmidlar og transaksjonane rundt inn- og utbetalingar knytte til eit eigedomsoppgjer
  • er i stand til å vurdere nye investeringar og å analysere inntekter og kostnader
  • kan skaffe fram, analysere og presentere økonomisk styringsinformasjon
  • kan gjere bruk av kunnskapane og ferdigheitene i matematikk, statistikk og samfunnsvitskaplege metodar på eit breitt spekter av økonomisk-administrative problemstillingar
  • kan sjå dei ulike fagområda i samanheng, slik at han/ho kan nytte kunnskapar og ferdigheiter frå fleire fag på ei bestemt problemstilling
  • kan bidra til utviklingsarbeid for å fremje verksemda si innovasjonsevne

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • er godt rusta til å kunne gå vidare på masterstudium i inn- og utland.
  • har fagleg innsikt og analytiske ferdigheiter
  • kan bruke dei kunnskapane, metodane og verktøya han/ho opparbeider seg på ein kritisk måte.

Innhald

Bachelorstudium i eigedomsmekling er eit treårig studium som gjev graden bachelor i eigedomsmekling. Studiet er på 180 studiepoeng. Alle emna er obligatoriske. Studiet er strukturert med 4 emne à 7,5 eller 2 emne à 15 studiepoeng per semester.

Utdanninga består av bransjespesifikke emne og emne innanfor økonomiske- og administrative fag.

Bransjespesifikke emne går direkte på å byggje opp fagleg kompetanse til å jobbe med kjøp og sal av eigedom.

I bransjespesifikke emne lærer studentane om:

  • rettsreglane som gjeld eigedomsmeklarbransjen og om emne som har mykje å seie for eigedomshandel
  • dei ulike delane av eit meklaroppdrag og prinsippa for oppbygging av ein verditakst
  • ulike typar eigedomar (bustad, landbruk og næring)
  • å gjennomføre eigedomsoppgjer
  • det grunnleggjande om skatteplikt til Noreg og skatteplikt på fast eigedom
  • finansiering av eigedomsinvestering
  • organisering av eit eigedomsmeklarføretak og reglar for styresamansetnad
  • reglar for rutine- og internkontroll og ansvar for rutinar og gjennomføring av internkontrollen

Økonomiske- og administrative emne skal bidra til at studenten får kunnskapar om styring og drift av ein organisasjon. Å drive eit eigedomsmeklarføretak krev kunnskap om leiing, strategi, forståing for det som skjer i organisasjonar, kunnskap om marknadsføring, økonomisk drift og styring av eit føretak, kunnskap om etterspurnads- og tilbodssida i økonomien og korleis økonomien vert påverka av endringar i nasjonale og internasjonale forhold (samfunnsøkonomiske fag).

Kompetanse / formell grad

Greidd eksamen i Praktisk eigedomsmekling 1 gjev høve til å arbeide som medhjelpar til ansvarleg meklar, jf § 4-4 (1) i lov om eiendomsmegling.

Greidd eksamen i Oppgjer av eigedomshandel gjev høve til å arbeide som medhjelpar til ansvarleg meklar i oppgjer, jf §4-4 (2) i lov om eiendomsmegling.

Fullført studium gjev vitnemål som "Bachelor i eigedomsmekling" og høve til å nytte tittelen eigedomsmeklarfullmektig når ein er tilsett i eit eigedomsmeklarføretak og arbeider under tilsyn av ein ansvarleg meklar, jf. § 4-5 (3) i lov om eiendomsmegling. For å få eigedomsmeklarbrev må ein i tillegg ha to års relevant praksis. Etter fullført bachelorstudium og to års praksis frå eigedomsmekling, kan ein søkje Finanstilsynet om eigedomsmeklarbrev, jf. § 4-2 i lov om eiendomsmegling.

Når ein har fått eigedomsmeklarbrevet, kan ein kalle seg eigedomsmeklar. Dette gjev høve til å arbeide som ansvarleg meklar eller fagleg leiar. Studiet gjev også grunnlag for opptak til ulike masterstudium ved andre institusjonar i inn- og utland. Studentar som er interesserte i å studere vidare på masternivå, bør setje seg inn i opptakskrava som den aktuelle institusjonen har.

Eigedomsmeklar er ein lovbeskytta tittel som set bestemte krav til kompetanse og praksis til dei som skal bruke tittelen. Finanstilsynet har i vedtak av 24.01.2008 godkjent studieplanen med endringar 20.03.2012, som grunnlag for å få tittelen eigedomsmeklar. Utdanninga er òg i samsvar med rammer og innhald for grunnemne gjevne i plan for bachelor i økonomi og administrasjon. Denne vart vedteken av Nasjonalt råd for økonomisk-administrativ utdanning (NRØA) 17. oktober 2011.

Arbeidsformer

Undervisninga vekslar mellom førelesingar, seminar, arbeidsgrupper, øvingsoppgåver og casearbeid. Problembasert læring, med vekt på oppgåver som er aktuelle og relevante, står sentralt i studiet si undervisnings- og læringsform. I studiet legg ein opp til å lære studentane til å jobbe sjølvstendig, både individuelt og i grupper. Det er nødvendig med ein stor del sjølvstudium. Høgskulen si læringsplattform, Canvas, vert nytta som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy i studiet. Studentane kan bruke datalabbane i høgskulen sine lokale for å få tilgang til dei digitale verktøya som dei treng.

Det vert lagt opp til ein studietur i 1. eller 3. klasse med besøk hjå verksemder og institusjonar. Studentane må rekne med ei eigenbetaling for delar av ekskursjonen. For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.

For å følgja undervisning og gjennomføra eksamenar i studiet, må studentane disponera eigen berbar datamaskin med standard programvare.

Vurderingsformer

Arbeidskrav

Enkelte emne har arbeidskrav. Eit arbeidskrav er eit obligatorisk arbeid som studenten må ha greidd for å kunne framstille seg til eksamen i emnet. Eit arbeidskrav kan vere eit individuelt arbeid eller eit gruppearbeid. Det går fram av dei enkelte emneplanane, om det er arbeidskrav.

Sluttvurdering

Kva sluttvurdering som gjeld, går fram av emneomtalane.