Engelsk 1, 1-7

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Dette er ei vidareutdanning for deg som underviser i engelsk, eller som ønskjer undervisningskompetanse i engelsk, på 1.-7. trinn. Studiet er tilrettelagt for lærarar som underviser på barnetrinnet og har som formål å utvikle lærarane sitt faglege grunnlag for engelskundervisning i barneskulen.

Engelsk 1 for 1.-7. trinn gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk. Dette omfattar kunnskap om korleis språket er bygd opp, og bruk av ulike tekstar på barnetrinnet. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt.

Vidareutdanninga er eit regionalt tilbod for lærarar frå Sogn og Fjordane innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker på "anna studietilbod" hjå Udir. Du søker også vikar- eller stipendordning gjennom Udir.

Gjennom studiet får du:

  • Kunnskap om begynnaropplæring og korleis born lærer framandspråk
  • Kunnskap om oppbygginga av det engelske språket
  • Auka medvit om ulike typar litteratur og rolla den har i språklæringa
  • Innføring i grunnleggande ferdigheiter og ulike arbeidsformer i engelsk
  • Døme på bruk av digitale verktøy i engelskundervisinga

Undervisningsmåtar

Engelsk 1 er nett- og samlingsbasert, og går over to semester. Det er samlingar på to dagar to til tre gonger per semester, i tillegg til nettsamlingar mellom samlingane. Det er obligatorisk deltaking på alle samlingane. Det er eksamen i vårsemesteret.

Du lærer gjennom førelesingar, diskusjonar, skriftlege oppgåver og praktisk utprøving. Det vert gitt arbeidsoppgåver og obligatoriske arbeidskrav du må arbeida med mellom samlingane. Les meir om å vere nettstudent her.

Timeplan

Haust 2019:

Samlingar i Sogndal måndag-tysdag: veke 36 (2.-3. september), veke 46 (11.-12. november)

Nettsamlingar tysdagar kl. 14-16: veke 38 (17. september), veke 40 (1. oktober), veke 42 (15. oktober), veke 44 (29. oktober), veke 48 (26. november)

Vår 2020:

Samlingar i Sogndal måndag-tysdag: veke 3 (13.-14. januar), veke 10 (2.-3. mars), veke 18 (27.-28. april)

Nettsamlingar tysdagar kl.14-16: veke 5 (28. januar), veke 7 (11. februar), veke 13 (24. mars), veke 16 (14. april), veke 20 (12. mai)