Andrespråkspedagogikk

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på vidareutdanning, Kompetanse for kvalitet. Det er eit mål å betre skuleprestasjonane til elevar med minoritetsbakgrunn i norsk skule, og det er ønskeleg at lærarar styrker si pedagogiske, faglege og fagdidaktiske kompetanse på dette feltet. Det er også ønskeleg at skular vert stimulerte til å drive utviklingsarbeid innanfor feltet. Studiet legg derfor opp til å relatere teori og lærestoff til eigen praksis.

Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Tilbodet består av 2 emne:

  • Språkutvikling og språklæring i eit fleirspråkleg perspektiv, 15 studiepoeng.
  • Kunnskapsbasert lese-, skrive og språkopplæring for fleirspråklege elevar, 15 studiepoeng.

Andrespråkspedagogikk byggjer på Norsk 1 i grunnskulelærarutdanninga eller anna relevant språkutdanning.

Undervisningsmåtar

I kvart semester er det tre samlingar á to dagar. Første dag er det undervisning kl. 10.15- 16.00, andre dag kl. 09.00 - 15.00. Mellom samlingane skal studentane arbeide med studiekrav som skal leverast i læringsplattforma Canvas.Arbeidskrav blir spesifisert i semesterplanen

Vurdering:

Emne 1: 6 timar skriftleg eksamen (100 %).

Emne 2: individuell prosjektoppgåve (60 %) og munnleg eksamen (40 %).

Karakterskala A-F.

Timeplan

Samlingsdatoar med atterhald:

  • 3. og 4. september
  • 15 og 16. oktober
  • 12 og 13. november
  • 7. - 8. januar
  • 3. - 4. mars
  • 21. - 22. april