Studieplan - Andrespråkspedagogikk

Kull hausten 2019

Studiet består av 2 emne:

  • Språkutvikling og språklæring i eit fleirspråkleg perspektiv, 15 studiepoeng.
  • Kunnskapsbasert lese-, skrive og språkopplæring for fleirspråklege elevar, 15 studiepoeng.

Andrespråkspedagogikk byggjer på Norsk 1 i grunnskulelærarutdanninga eller anna relevant språkutdanning.

Læringsutbytte

Saman med Andrespråkspedagogikk 2 utgjer kurset 30 studiepoeng norskfagleg vidareutdanning. Saman med 30 studiepoeng i norsk frå lærarutdanninga gir kursa kompetanse for å undervise i norsk i grunnskulen. Samla sett kan norsk 30 studiepoeng og Andrespråkspedagogikk 30 studiepoeng i nokre institusjonar vere grunnlag for opptak til ulike masterstudium der norsk inngår.

Innhald

Andrespråkspedagogikk 1 (15 studiepoeng) går i haustsemesteret, og det er lagt opp til at ein skal fortsetje på Andrespråkspedagogikk 2 (15 studiepoeng) i vårsemesteret. Andrespråkspedagogikk 2 føreset at ein har Andrespråkspedagogikk 1. Normert studietid for begge modulane er to semester.

Arbeidsformer

Studiet er eit samlingsbasert deltidsstudium som i tillegg er nettbasert/digitalt tilrettelagt. Det vil vere tre samlingar á to dagar. Mellom samlingane skal studentane arbeide med arbeidskrav på læringsplattforma Canvas.