Eittårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag

Forkurs/fagskule, hausten 2019

Dette kurset er for deg som har yrkesutdanning og praksis, men som manglar generell studiekompetanse. Forkurset gir eit godt grunnlag for høgare teknisk utdanning i Noreg og er ei god plattform for framtidige yrke.

Faga som inngår i kurset er:

  • Matematikk
  • Fysikk
  • Kommunikasjon og norsk
  • Teknologi og samfunn

Faga i forkurset er på vidaregåande skule-nivå, men gir ikkje offentleg eksamen.

Om du har generell studiekompetanse og berre manglar matematikk og fysikk, kan du søke opptak til realfagkurset vårt.

Undervisningsmåtar

Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer som krev aktiv deltaking. Undervisninga skjer normalt på dagtid i vekedagane. I løpet av året vil det kunne bli ei helg med lab-forsøk i fysikk. Alle fag har obligatoriske innleveringsoppgåver.

Det er Metis Privatistskole Bergen som står for gjennomføringa av forkurset til ingeniørutdanning, på vegne av Høgskulen på Vestlandet. Metis sine lokale ligg i Lars-Hilles gate 15/17. Sjå nettsida til Metis

Kva blir du kvalifisert for?

Forkurset er eit eittårig studieløp som gir opptaksgrunnlag for ei treårig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag. Etter bestått forkurs får du eit forkursvitnemål som gir deg rett til å konkurrere i forkurskvota ved opptak til treårige ingeniørstudium i Noreg. På treårige ingeniørutdanningar er inntil 20 % av studieplassane reserverte for søkarar med eittårig forkurs med full fagkrins. Du har full fagkrins om du har fullt forkurs, utan fritak i fag. Har du vitnemål frå forkurs med fritak i eitt eller to fag, vil du ikkje konkurrere i forkurskvota. Forkurset må vere godkjent.

Forkurset kvalifiserer ikkje for opptak til bioingeniørutdanning.

Oppstart

Velkommen til opninga av studieåret 12. august på Kronstad.

Oppmøteregistrering 12. august kl. 13.30 i Lars Hilles gate 15 B, 2. etasje, store auditorium.