Geologi og geofare

Bachelor, hausten 2019

Er du interessert i klimaendringar, naturkatastrofar og endringar i landskapet rundt deg? Det er eit stort behov for geologar med kompetanse på farar som skred, flaum, tsunami og ustabile grunnforhold.

Er du interessert i klimaendringar, naturkatastrofar og endringar i landskapet rundt deg? Det er eit stort behov for geologar med kompetanse på farar som skred, flaum, tsunami og ustabile grunnforhold.

Vi er tett på bre, fjell og fjord, og brukar naturen rundt Sogndal som klasserom gjennom ekskursjonar og feltarbeid.

Gjennom studiet lærer du

  • om geologi og geologiske prosessar som skaper både jordas indre og landskapet på overflata
  • om geofarer som skred (i fjell og lausmassar), flaum, jordskjelv og tsunami , samt korleis desse kan avdekkast og overvakast
  • om klimaendringar, brear og snøskred
  • om geologiske ressursar som mineral, vatn, olje og grunnvarme
  • å bruke geologiske verktøy som kart, GIS, GPS og geofysiske metodar
  • å lage geologiske kart (skredfare, lausmassar, grunnfjell og strukturar i fjell)

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, ekskursjonar, laboratorieøvingar, feltarbeid og prosjektarbeid, både individuelt og i grupper.

Vi har blokkundervisning, det vil seie at vi jobbar med eit emne om gongen og avsluttar med eksamen, før vi byrjar på neste emne.

Kva kan du jobbe med?

Eksempel på potensielle arbeidsgivarar:

  • Statlege etatar: NVE, Statens Vegvesen, Bane Nor, Statkraft, Statnett, NGU
  • Konsultentselskap: Aslpan Viak, COWI, Multiconsult, Norconsult, Sweco, Rambøll, Skred AS, Geovita, Golder, Mannvit, NGI
  • Planleggarstillingar i kommune, fylkeskommune, Statens vegvesen
  • Entreprenørselskap: Contexo, Mesta, Veidekke

Les om geologyrket på utdanning.no.

Vil du studere meir?

I mange jobbar vil det vere ein fordel med masterutdanning i geologi/ geofag. Med bachelor i geologi og geofare er du kvalifisert til masterstudium i geologi, geofag eller geografi både i Noreg og utlandet.

Du kan også bygge på bacheloren din med Master in Climate Change Managementved HVL.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.

Kor kan du reise?

Sjå korleis det er!