Studieplan - Historie, årsstudium

Kull hausten 2019

Årsstudium i historie gir eit overblikk over historia frå antikken fram til i dag, og dessutan korleis historie er til stades og blir brukt i samfunnet i dag. I andre semester inngår to tverrfaglege emne som gir ei innføring i samanliknande og internasjonal politikk. 

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullførd kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • kan gjere greie for hovudtrekk i norsk, europeisk og global historie og forklare sentrale kulturelle, sosiale, økonomiske og politiske endringsprosessar
  • kan gjere greie for korleis statsmaktene er organisert i forhold til kvarandre, og korleis samspelet er mellom konstitusjonar, parlament og regjering
  • kjenner til ulike forklaringar og fortolkingar som vert nytta til å forstå viktige hendingar og utviklingstrekk i historia

 

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing

 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere store informasjonsmengder og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • har innsikt i korleis historia kan brukast og misbrukast, og dei etiske sidene ved historisk forsking og formidling
  • kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
  • kan nytte historiske teoriar og metodar til å fortolke ny informasjon og forstå endringar i samfunnet

Innhald

Studiet skal gje studentane ei grunnleggjande innføring i norsk, europeisk og global historie frå antikken og fram til våre dagar. Det skal gje forståing for endringsprosessar og krefter som har forma det moderne samfunnet. Å analysere statsutvikling og samfunnsendring føreset ei forståing av teoriar, omgrep og analytiske forklaringsmodellar. Dei tre emna i nyare og eldre historie er breie oversynsemne som tek føre seg både norsk, europeisk og global historie.

Sentrale spørsmål i politikk- og globaliseringsemna er knytt til kva som skjer med nasjonalstaten sine politiske og økonomiske styringsvilkår under overnasjonale organ og korleis internasjonale relasjonar er i endring.

I det siste emnet skal studentane få ei grunnleggjande innføring i korleis historia er til stades og blir brukt i samfunnet, både til identitetsskaping, underhaldning og politiske  og kommersielle føremål. Den teoretiske innføringa vil ta utgangspunkt i korleis historia har vore brukt og blir brukt i konkrete situasjonar, og det vil stå sentralt å sjå på kva kunnskaps- og kjeldegrunnlag ulike former for historiebruk vil ha. 

Studentar som ynskjer å søkje opptak direkte til 2. år i bachelorstudiet i historie, bør velje ex.phil og ex.fac i 2. semester, sjå studieplanen til bachelorprogrammet.

Arbeidsformer

Studiet set store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet. I tillegg til førelesingar og innlevering av skriftlege arbeid, vert det lagt til rette for seminarundervisning og diskusjon i mindre studentgrupper. Somme av emna har obligatorisk frammøte til undervisninga (sjå emneplanane).

I somme emne skal studenten skrive oppgåver til mappe, som ein del av grunnlaget for sluttvurderinga/eksamen.

For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava

Vurderingsformer

Individuell skriftleg eksamen, munnleg eksamen/presentasjon i tillegg til mappeoppgåve. Sjå detaljar under emneomtalane.