Studieplan - Idrett og kroppsøving, bachelorstudium, Sogndal

Kull hausten 2019

Bachelor i idrett og kroppsøving passar godt for deg som vil bli kroppsøvingslærar, trenar, leiar i idrettsorganisasjonar eller jobbe innan den kommersielle treningsbransjen. Gjennom studiet kan du også ta trenarutdanning i fotball

Læringsutbytte

Etter fullført bachelorstudium i Idrett og Kroppsøving skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten:

  • kan forklare, bruke og drøfte sentrale tema og problemstillingar innan fagområda idrett og samfunn, rørslelære, anatomi, motorikk, treningslære og undervisningslære
  • har kunnskap i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå
  • har ei heilskapleg forståing av læringsprosessen som ein utøvar/instruktør gjennomgår når vedkomande tileignar seg kroppslege ferdigheiter i ulike læringskontekstar
  • har kunnskap om coaching på eit høgare nivå
  • har inngåande kunnskap om treningsprinsipp, testing og treningsmetodar for uthald, styrke, hurtigheit og spenst
  • har teoretisk innsikt i idretten sin plass i samfunnet
  • har kunnskap om sportsjournalistikk og kunne reflektere kritisk over media si sportsdekning
  • har innsikt i idrett, organisasjon og leiing

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan vise ferdigheiter, forklare, bruke, observere, analysere og vurdere sentrale element i aktivitetslære
  • kan vise ferdigheiter i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå
  • kan planlegge, tilrettelegge, leie og gjennomføre kroppsøving og idrett i skule og/eller frivillig idrett
  • kan gjennomføre forskings- og utviklingsarbeid under vegleiing i tråd med gjeldande forskingsetiske reglar 

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • har innsikt i idrett og kroppsøving som fagområde
  • kan forstå og formidle ferdigheitslæring i praksis
  • kan forstå og formidle kva som krevst i ein idrett/aktivitet på eit høgt nivå
  • kan planlegge, tilrettelegge, leie og gjennomføre kroppsøving, fysisk aktivitet og idrett i ulike skuleslag og i den frivillige idretten
  • kan samhandle og kommunisere med elev, lærar, utøvar, trenar og andre aktørar innan fagområde
  • har innsikt i idretten sin plass i samfunnet
  • er kvalifisert til ein yrkesfunksjon i den kommersielle treningsbransjen, på institusjonar og med praktisk pedagogisk utdanning vere kvalifisert som lærar i skuleverket
  • er kvalifisert for vidare studium på mastergradnivå

Innhald

Bachelorstudiet er bygd opp av 1.år , 2.år og 3.år bachelor Idrett og Kroppsøving. Det siste semesteret i bachelorutdanninga inneheld valemne på til saman 30 studiepoeng.

*for studentar som vel trenarutdanning i fotball vil arbeidskrav og praksis for 2. og 3. året vere retta mot fotballfeltet, og du skriv bacheloroppgåve retta mot fotballfeltet. Du må også velje Fordjuping fotball 1-Spelar- og ferdigheitsutvikling som eitt av dine valemne.

1. studieår 

Det er tilnærma like mykje undervisning i teoretiske og praktiske emne.
Studiet inneheld desse emna:
- Rørslelære, anatomi, motorikk, 10 sp
- Idrett og samfunn, 10 sp
- Undervisningslære, 10 sp
- Aktivitetslære, 15 sp
- Treningslære, 15 sp

2. studieår 

- Ferdigheitslæring (15 sp) 
- Aktivitetsfag (15 sp)
- Idrettsfordjupning (15 sp)
- Coaching (15 sp)

*for studentar som vel trenarutdanning i fotball vil arbeidskrav innan Ferdigheitslæring, Idrettsfordjuping og Coaching vera retta mot fotballfeltet. I Aktivitetsfag er ein av aktivitetane fotball.

3. studieår

- Bacheloroppgåve (15 sp) 
- Sport - kultur - leiing (15 sp)
I vårsemesteret i 3. studieår (6. semester) vel studentane 30 sp valfrie emne. Studentane kan velje om dei vil ta dei valfrie emna ved HVL, campus Sogndal, annan høgskule, universitet i Noreg eller i andre land. Valemna HVL, campus Sogndal kan tilby vil bli presentert for studentane ved studiestart.

*for studentar som vel trenarutdanning i fotball skal Bacheloroppgåva i Idrett og Kroppsøving vera retta mot fotballfeltet, og eit av dei valfrie emna i 6. semester må vera Fordjuping fotball 1. Arbeidskrav innan Sport-Kultur-Leiing vil vera retta mot fotballfeltet.

Praksis

1. år

Skulepraksis for idrett går over 14 dagar. Grunnskule, vidaregåande skule eller folkehøgskule.

I praksisperioden skal studenten:

  • erfare kva som vert kravd av planleggingsarbeid i kroppsøvingsfaget
  • prøve ut praktisk ulike arbeidsmåtar og undervisningsmetodar
  • organisere aktivitetar
  • erfare kroppsøvingslærarrolla i praksis
  • reflektere over eigen og andre si undervisning

Krav til greidd praksis er at studenten:

  • viser evne til å planlegge, gjennomføre og reflektere over eigen undervisning og gjennomføre pålagde oppgåver
  • viser evne til samarbeid, møter presis til avtala tidspunkt og gjer pålagte oppgåver

2. år haust

Punktpraksis, - skule- eller idrettspraksis over tid, 15 timar


2. år vår

Punktpraksis,- følgje utøvar over tid, 10 timar.

* studentar som vel trenarutdanning i fotball skal ha fotballrelatert praksis.

3. år haust

Observasjon/leiingspraksis knytt til eit arbeidskrav, 1 veke

 * studentar som vel trenarutdanning i fotball skal ha fotballrelatert praksis.

Arbeidsformer

Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. I dei praktiske timane vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med eigenferdigheit og analyse av ferdigheiter. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane. Biblioteket underviser i søk i databasar og kritisk bruk av kjelder.

Vurderingsformer

Høgskulen brukar ulike vurderingsformer. I bachelorstudiet blir det nytta skriftleg skuleeksamen, praktisk/metodisk-eksamen, munnleg eksamen og heimeeksamen.

Vurderingsformer går òg fram av emneomtalane.

Krav til studieprogresjon

Minimum 90 studiepoeng frå bachelor Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelor Idrett og Kroppsøving, bachelor Friluftsliv eller tilsvarande for å kunne ta emne ID3-323 bacheloroppgåve i Idrett og Kroppsøving.

Internasjonalisering

Det er høve til studieopphald i utlandet vårsemesteret i tredje studieår (6 semester). HVL har utvekslingsavtalar med institusjonar i Australia, USA og i Norden gjennom Erasmus og Nordplus-programma.