Informasjonsteknologi

Bachelor, hausten 2019

Datasystem blir brukt på dei fleste områda i samfunnet, som for eksempel i helse og omsorg, nyhende og media, handel og energiforsyning.

Utdanninga gir deg ei grunnleggande og brei utdanning innan IT-faget, men er ikkje eit ingeniørstudium. I tillegg til dei tekniske faga har du fag som matematikk og samfunnsfag, og utdanninga krev interesse og sans for matematisk, logisk og systematisk tankegang.

Gjennom studiet lærer du

  • korleis datamaskiner fungerer
  • korleis ulike einingar kan knytast saman i nettverk
  • om databasar, kunstig intelligens og webbaserte system
  • å programmere appar og utvikle store IT-system som til dømes Word og Facebook
  • kunnskap som er nyttig i samband med spelutvikling

I siste del av studiet kan du velje å spesialisere deg innan programutvikling, drift av datasystem, web- og mobilteknologi, datagrafikk eller kunstig intelligens og algoritmar.

Vi tilbyr denne utdanninga ved to campusar. Det kan vere lurt å søke begge stader.

Utdanninga har dei same samfunns- og IT-faga som dataingeniørutdanninga ved HVL. Den IT-faglege kompetansen i dei to studia er dermed den same. Hovudforskjellen ligg i nokre av matematikkfaga og opptakskrava.

Undervisningsmåtar

Dette er ei teknisk utdanning som stillar krav til god arbeidsinnsats. Arbeidsformene varierer mellom forelesingar, praktiske øvingar på datalab, praktiske prosjektoppgåver, sjølvstudium og gruppearbeid.

I siste del av studiet skriv du bacheloroppgåve saman med ein eller to medstudentar, der de skal utvikle eit lite datasystem. Tema for prosjektet blir ofte gitt som oppdrag frå næringslivet, og det kan også utførast utanlands.

Praksis

I 3. studieår kan du ha praksis i ei lokal bedrift. Du deltar aktivt i bedrifta sine daglege arbeidsoppgåver, og får verdifull og relevant praktisk erfaring frå arbeidslivet.

Kva kan du jobbe med?

Det finst IT-relaterte jobbar og arbeidsoppgåver innan nær sagt alle bransjar. Du blir godt rusta for ein interessant jobb innan ein arbeidsmarknad som etterspør stadig meir IT-kompetanse, både i privat og offentleg sektor.

Du kan blant anna jobbe med

  • programmering, testing og utforming av brukargrensesnitt
  • utvikling av webbaserte system og mobile løysingar for smarttelefonar, nettbrett og liknande
  • innkjøp, installering, brukarrettleiing og drift av datautstyr og programvare

Vil du studere meir?

Etter fullført bachelorstudium er du kvalifisert for å søke opptak til Master i programutviklingved HVL, og andre masterutdanningar innan datafag/informatikk ved ulike utdanningsinstitusjonar.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i siste del av utdanninga.

Kor kan du reise?