Jus

Årsstudium, hausten 2019

Juridisk kunnskap er etterspurd både i offentleg og privat sektor. Jus årsstudium kan enten vere starten på eit bachelor- eller masterstudium i jus, eller inngå i ei anna utdanning der du ønskjer særlege kunnskapar i juridiske emne.

Studiet gir deg ei innføring i juridiske metode og grunnleggande reglar innan offentleg- og privatrett.

Du lærer

  • om juridisk metode, som er den framgangsmåten juristar brukar for å løyse rettsspørsmål. Dette er også ein generell metode for sakleg og strukturert argumentasjon, som kan vere nyttig innanfor andre område enn jus. 
  • om innhaldet i rettsreglar på område som kontraktsrett, forvaltningsrett og familierett
  • korleis rettssystemet er bygd opp
  • korleis tolke rettsreglar og nytte dei til å løyse rettslege problemstillingar

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, seminar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, munnlege presentasjonar og skriftleg arbeid.

Juridisk arbeid handlar om å bruke språket raskt, med høg presisjon og god forståing. For å oppnå gode resultat i studiet er det derfor ein føresetnad at du har gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

Vil du studere meir?

Etter fullført årsstudium kan du søke opptak direkte til 2. år på bachelor i økonomi og jus ved HVL.

Fullført årsstudium blir godkjent som første studieår ved master i rettsvitenskap ved Universitetet i Bergen. Etter søknad kan du få godkjent årsstudiet som tilsvarande første året i bachelor i jus ved Høgskolen i Innlandet, Universitetet i Agder og Universitetet i Stavanger.