Studieplan - Jus, årsstudium

Kull hausten 2019

Årsstudiet i jus gir ei innføring i offentleg rett og i privat rett. I tillegg gir studiet ei innføring i juridisk metode, som vil seie dei prinsippa og dei kjeldene juristar nyttar når dei finn fram til innhaldet i rettsreglar, og korleis ein går fram når ein nyttar reglane til å å finne løysinga på konkrete problem. Juridisk kunnskap er etterspurd både i offentleg og privat sektor. Årsstudiet i jus passar for dei som ønskjer å styrke kompetansen sin på arbeidsmarknaden,  for dei ønskjer å lære om jus som fag, og som ein start for dei som vil bli juristar.

Studiet kan nyttast anten som første året på mastergradsstudiet i jus ved Universitetet i Bergen, som første året i bachelor i økonomi og jus ved Høgskulen på Vestlandet eller som eit tillegg til eksisterande utdanning.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet
  • har innsikt i korleis rettssystemet er bygd opp og kva verdiar det kviler på
  • forstår forskjellen mellom utøving av offentleg mynde og privat autonomi
  • har grunnleggjande kjennskap til juridisk metode
  • har forståing for korleis rettssystemet sikrar eit føreseieleg og trygt samfunn gjennom organisering av offentleg verksemd, konfliktløysing, kontroll av åtferd og rettstryggleik
  • har gode kunnskapar innan utvalde rettsområde som arv- og familierett, kontraktsrett og forvaltningsrett.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • har grunnleggjande ferdigheiter i å tolke og å bruke lovreglar på konkrete problemstillingar
  • kan framstille innhaldet i rettsreglar for andre
  • kan identifisere problemstillingar som krev juridisk utgreiing
  • kan analysere eit juridisk problem munnleg og skriftleg.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har eit godt grunnlag for vidare studium som kan gje bachelor- eller mastergrad i jus eller i andre fag
  • har grunnleggjande ferdigheiter i analyse- og argumentasjonsteknikk
  • har forståing for korleis rettsreglar verkar inn på offentleg og privat verksemd
  • har forståing for korleis rettssystemet er med på å sikre føreseielege vilkår for økonomisk samhandling og utøving av offentlege mynde.

Innhald

Per 01.01.2012 tilsvarar studiet første året på masterprogrammet i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen. Studiet gir opplæring i dei grunnleggande ideane som rettsstaten kviler på, og ein lærer om koplinga mellom jus og dei verdivala rettsreglane byggjer. Det blir gitt innføring i den metoden juristar nyttar når dei løyser juridiske problem (juridisk metode) og innføring i viktige og grunnleggjande juridiske emne.

Det blir undervist i ex fac (juridisk forprøve), ex phil og arve- og familierett i haustsemesteret. Vårsemesteret startar med siste delen av arve- og famileretten. Deretter blir det undervist i kontraktsrett og forvaltningsrett.

Arbeidsformer

Førelesingar, seminar, arbeidsgrupper, øvingsoppgåver, munnlege presentasjonar og skriftleg arbeid med tilbakemelding.

Vurderingsformer

Arbeidskrav

Alle emne, med unnatak av examen philosophicum, har krav til 80% samla deltaking på seminar. I tillegg er det krav om obligatoriske øvingsoppgåver i dei fleste emna. Emnet examen facultatum (juridisk forprøve) har andre arbeidskrav i tillegg. For å kunne ta eksamen i eit emne må alle arbeidskrav vere godkjende.

Sluttvurdering

Formene for sluttvurdering varierer mellom skuleeksamen, skriftlege oppgåver til mappe og munnleg eksamen.

Ved skuleeksamen gjeld det nærare reglar om bruk av hjelpemiddel. Normalt er det berre høve til å ta med lovsamling/utskrift av lov/forskrift som berre kan innarbeidast med undersrekingar og tilvisingar etter nærare reglar.