Matematikk 1- 1.-7. trinn

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Dette er ei vidareutdanning for deg som underviser i matematikk, eller som ønskjer undervisningskompetanse i matematikk, på 1.-7. trinn. Studiet er tilrettelagt for lærarar som underviser på barnetrinnet og har som formål å utvikle lærarane sitt faglege grunnlag for matematikkundervisning i barneskulen.

Vidareutdanninga er eit regionalt tilbod for lærarar frå Hallingdal- og Valdresregionen innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker på "anna studietilbod" hjå Udir. Du søker også vikar- eller stipendordning gjennom Udir.

Matematikk 1 består av to emne. Kvart emne går over eitt semester og har avsluttande eksamen.

Du lærer om:

  • begynnaropplæring og talomgrep
  • geometri, målingar, algebra, funksjonslære, kombinatorikk, sannsynslære og statistikk, med hovudvekt på arbeid på barnesteget
  • språk og kommunikasjon i matematikkfaget
  • digitale verktøy for matematikk
  • grunnleggjande ferdigheiter og arbeidsformer i matematikk

Undervisningsmåtar

Matematikk 1 er nett- og samlingsbasert med to-dagars samlingar tre gonger per semester. Samlingstad: Gol.

Det er obligatorisk deltaking på alle samlingane og mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper. Slik foregår nettsamlingane

Studiet har 9 arbeidskrav. Arbeidskrava skal utførast i nettbaserte grupper. Du treng ikkje tilhøyre ei gruppe når du søker.

Timeplan

Haust 2019

Samlingar på Gol tysdag-onsdag: veke 35 (27.-28.august), veke 39 (24.-25.september), veke 47 (19.-20.november)

Nettsamlingar tysdagar kl. 14-16: veke 37 (10.september), veke 41 (8.oktober), veke 43 (22.oktober), veke 45 (5.november)

Vår 2020:

Samlingar på Gol tysdag-onsdag: veke 3 (24.-25.januar), veke 11 (10.-11.mars), veke 19 (5.-6.mai)

Nettsamlingar tysdagar kl.14-16: veke 5 (28.januar), veke 7 (11.februar), veke 14 (31.mars), veke 17 (21.april) kl. 14-16.