Kommunikasjonsingeniør

Bachelor, hausten 2019

Tar du det som sjølvsagt at du kan bruke mobiltelefonen på bussen eller tvitre på hyttetur? På dette studiet lærer du mykje om korleis dette er mogeleg.

Cyberteknologi omfattar design og drift av kommunikasjons- og datasystem, til sikring av infrastruktur, informasjon og tenester. Ein kommunikasjonsingeniør meistrar dei teknologiske utfordringane knytt til avanserte system som vert brukt i samfunnet, industrien og Forsvaret. Dette inkluderer mellom anna internett, mobilnett, samt industrielle nettverk.

Studiet dekkjer sentrale område innan nettverksteknologi, informasjonssystem, datakommunikasjon, samt sikring av data og infrastruktur. Studiet omfattar også element frå Cisco Networking Academy som gjer grunnlag for særs anerkjende internasjonale sertifiseringar som Cisco Certified Network Associate (CCNA), CCNA-Security (CCNA-Sec) og Cisco Certified Network Professional (CCNP).

Undervisningsmåtar

Høgskulen har eit moderne kommunikasjonslaboratorium som er utgangspunktet for teoretisk og praktisk tileigning av kompetanse og kunnskap. Undervisninga er ofte ein kombinasjon av forelesingar og praktisk arbeid i klasserommet.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir til vanleg utført i grupper, og ofte i samarbeid med næringslivet.

Kva kan du jobbe med?

Som ferdigutdanna kommunikasjonsingeniør har du eit godt utgangspunkt for ei vellukka karriere. Ein kommunikasjonsingeniør deltar i utviklinga av løysningar innan Internet of Things (IoT), moderne industriproduksjon, droneteknologi, autonome fartøy, med meir. Mange finn også gode jobbar innan nettverks-planlegging, drift og vedlikehald. Bedrifter innan alt frå industri, olje- og gassindustri, mobilnett, IKT, smarte heimar, miljøovervaking og helse/omsorg har bruk for deg som nyutdanna kommunikasjonsingeniør.

Studiet er framtidsretta og har dei siste ti åra utdanna ei rekke kandidatar som har fått spanande og relevante jobbar i Equinor, Telenor, Siemens, TV2, ABB, Atea, Eltel, Avinor, Relacom, og offentlige etater.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med utdanningsinstitusjonar, mellom anna i New Zealand, USA, Danmark og Spania. Det kan leggast særleg til rette for å ta bacheloroppgåva i utlandet.

Kor kan du reise?