Studieplan - Kroppsøving 3

Kull hausten 2019

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studentane ha:

Kunnskapar:

  • kva det vil seie å vere og lære i bevegelse i ulike kontekstar
  • korleis fremje og vurdere gode aktivitetsvanar i kroppsøving
  • å analysere og vurdere motoriske ferdigheiter
  • om pedagogiske teoriar og didaktiske metodar som er sentrale for undervisnings- og læringsprosessar i kroppsøving og friluftsliv
  • om kva helseføremoner kroppsøving kan gi og være i stand til å argumentere for desse

 Ferdigheiter:

  • kan ulike metodar i kroppsøvingsundervisning, og kunna reflektera over ulike didaktiske tilnærmingar.
  • kan ulike metodar for og syn på forsking knytt til Kroppsøving og kunna reflektera over dei ulike syna.
  • Kunne bruke ulike testar, både subjektive og objektive, knytt til motoriske ferdigheitslæring
  • Kunne både formative og summative vurderingsordningar

Generell kompetanse:

  • kan bruke miljø i undervisning knytt til profesjonen
  • kan dokumentere inngåande kunnskap om idretts og friluftslivsforsking
  • kan vere ein bidragsytar i samfunnsspørsmål knytt til helse og fysisk aktivitet

Innhald

Studiet er delt i to emne (15 sp+ 15 sp): 

MAS3-303 Undervisning, vurdering og læring i kroppsøving
MAS3-304 Læring i idrett, kroppsøving og friluftsliv

Arbeidsformer

Studiet er bygd opp rundt teori og praktisk aktivitet i samlingar som kombinerer førelesingar, diskusjonar, seminarpresentasjonar og gruppearbeid. I løpet av emnet vil studentane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer. Ei gjennomgåande arbeidsform er skriving av større og mindre akademiske fagtekstar, med tilhøyrande studentrespons. Studiet stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og aktiv tilnærming til problemstillingar studentane vert presenterte for.

I løpet av studieåret leverer studentane fleire større arbeid knytt til samlingar. Det blir gjeve obligatorisk student- og lærarrespons på arbeida.

Vurderingsformer

Sjå emneomtale.