Barnehagekunnskap

Master, hausten 2019

Er du barnehagelærar eller førskulelærar, og vil styrke kompetansen din til å bruke forsking og vere ein pådrivar for fagleg utvikling i barnehagen? Då kan dette masterstudiet vere noko for deg.

Barnehagekunnskap omfattar kunnskap om barn, om barnehagen som institusjon og om barnehagelæraren som profesjonell, relasjonell og kulturell aktør. I barnehagekunnskap inngår også fagdidaktiske kunnskapar og erfaringar med røtter i ei rekkje fagdisiplinar, tilpassa barn i barnehagens kontekst.

Utdanninga set fokus på innhald og oppgåver til barnehagen, og gjer deg på den måten rusta til å møte dei særlege utfordringane som barnehagesektoren står overfor i dag.

Ein bærebjelke i utdanninga er utviklinga av eit kritisk og granskande perspektiv på kunnskapen som blir presentert, på vitskapleg praksis i seg sjølv, og på ulike aktørar sin bruk av den kunnskapen som er brakt fram.

Undervisningsmåtar

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, seminar, gruppearbeid, felles prosjektarbeid, eigne litteraturstudium og individuell rettleiing. Det blir stilt krav til aktiv deltaking i undervisninga.

Praksis

Praksisomgrepet tolkast vidt, og vil kunne omfatte utprøving av didaktiske opplegg i HVL sine praksisbarnehagar, hospitering i barnehageadministrasjonen eller i UH-sektoren og undersøkjande feltarbeid. Desse ulike formene for aktiv deltaking og praksis inngår i valemna i andre semester.

Kva kan du jobbe med?

  • Fullført utdanning kvalifiserer for leiing av kvalitetsarbeid i barnehagar og i barnehageadministrasjon.
  • Du blir også kvalifisert for undervisningsarbeid i barnehagepedagogiske fagområde, fordjupingar i barnehagelærarutdanning og formidling i barnehagesektoren.
  • Utdanninga kvalifiserer for deltaking i barnehageforsking. Fullført grad med særleg godt resultat kvalifiserer for opptak til doktorgradsprogram.

Timeplan

Oppstart 19. august kl 08.15, rom D226 Kronstad.

Til timeplanen. Merk at timeplanen kan bli endra. Sjekk difor timeplanen din igjen rett før studiestart.

Utveksling

Eit av valemna, interkulturell pedagogikk og glokale praksisar, tilbyr moglegheit for å gjere feltarbeid knytta til ein av HVL sine samarbeidspartnarar i Kina. I tillegg er det mogleg å ta valemne i andre semester ved ein samarbeidsinstitusjon i utlandet.

Kor kan du reise?