Barne- og ungdomslitteratur

Master, hausten 2019

Master i barne- og ungdomslitteratur vektlegg forskingsmetodiske og vitskapsteoretiske problemstillingar knytt til barne- og ungdomslitterære tekstar, litteraturdidaktikk og litteraturformidling.

Studiet krev at du har interesse for eit variert utval av tekstar, og for å utvikle ei teoretisk forståing av estetikken og danningsmoglegheiter i barne- og ungdomslitteraturen. Du får arbeide med fagområdet si historie og eigenart. Feltet barne- og ungdomslitteratur blir også forstått og problematisert innanfor ein større kulturell kontekst, som del av skrift- og mediekulturen.

Du begynner arbeidet med masteroppgåva di i første studieår, men arbeidet vil i hovudsak skje i det andre studieåret.

Dersom du går på fireårig grunnskulelærarutdanning, kan du søke opptak etter tre år. Det første året av mastergraden erstattar då det siste året av grunnskulelærarutdanninga.

Undervisningsmåtar

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, gruppearbeid, seminar med presentasjonar, oppgåveskriving, rettleiing, studentrespons og aktiv studentdeltaking. Studiet stiller store krav til sjølvstendig arbeid.

Praksis

Studiet inneheld praksis.

Kva kan du jobbe med?

Med fullført utdanning kan du søke jobb i skuleverket og i offentleg og privat kulturliv. Mastergraden kvalifiserer også til vidare forsking innanfor fagfeltet.

Timeplan

Oppstart 20. august kl 08.15, rom D110 Kronstad.

Til timeplanen. Merk at timeplanen kan bli endra. Sjekk difor timeplanen din igjen rett før studiestart.

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt semester til ein av samarbeidspartnarane våre, vanlegvis i haustsemesteret i 1. studieår.

Vi har ein ekskursjon til eit sentralt fagmiljø, som for eksempel den årlege The Child and The Book-konferansen som blir arrangert ulike plassar i Europa.

Kor kan du reise?