Klinisk fysioterapi

Master, hausten 2019

Samfunnsutvikling, teknologiske endringar, aukande levealder og endra levevanar har stor betydning for sjukdomsbildet som pregar oppgåvene helsevesenet står overfor. Dette krev fysioterapeutar med gode kliniske ferdigheiter, sjølvstendig vurderingsevne og oppdatert kunnskap frå forsking.

Vi tar ikkje opp nye studentar i 2019. Neste planlagde oppstart er hausten 2020.

Infallsvinkelen på studiet er mennesket som kroppsleg erfaringsberande og samhandlande aktør. Kroppen blir belyst som samansett fenomen, og helse- og funksjonsproblem blir drøfta ut frå ulike teoretiske perspektiv. Vi vektlegg samspelet i behandlingssituasjonen, og refleksjon om fysioterapi som relasjonell virksomhet.

Du vel ein av følgjande studieretningar:

  1. Hjarte- og lungelidingar (to-årig)
  2. Muskel- skjelett, ortopediske og revmatiske helseproblem (to-årig)
  3. Psykiske og psykosomatiske helseproblem (tre-årig)

Oppbygging av studiet:

  • I første studieår lærer du teoretiske basiskunnskapar og praktiske ferdigheiter innan vald studieretning. Du vil lære å forstå ulike perspektiv på kjønn, kropp, funksjon, helse, sjukdom og kommunikasjon. Vitskapsteori, etikk og metode er organisert som nettkurs.
  • I andre studieår arbeider du med masteroppgåva i tillegg til emne frå studieretninga du har valt.
  • Dersom du vel studieretning 3, arbeider du med masteroppgåva og emne frå studieretninga i tredje studieår.

Fysioterapi ved hjarte- og lungelidingar

Med denne studieretninga tileignar deg kompetanse innan fysioterapi relatert til pasientar med hjarte- og lungelidingar i akutt og kronisk fase. Studieretninga kvalifiserer til spesialisert og utvida kompetanse i rettleiing, forebygging, undersøking, behandling, habilitering og rehabilitering relatert til desse lidingane.

Fysioterapi ved muskel- skjelett, ortopediske og revmatiske helseproblem

Du tileignar deg avansert kompetanse innan undersøking og behandling av pasientar med muskel-skjelett, ortopediske og revmatiske helseproblem både innan primær- og spesialisthelsetenesta. Du vil bli ein viktig bidragsytar inn mot ikkje-kirurgiske behandlingsalternativ for tilstandar som tradisjonelt har hatt ortopedisk kirurgi som førsteval, og/eller i forbindelse med postoperativ rehabilitering.

Fysioterapi ved psykiske og psykosomatiske helseproblem

Du tileignar deg spesialisert kompetanse i å tilpasse konkret kroppsleg fysioterapibehandling og sansevár terapeutisk haldning og livsutfolding. Det blir lagt stor vekt på kunnskap, refleksjon, kommunikasjon og relasjonell kompetanse i terapeutisk samhandling med sårbare pasientar.

Undervisningsmåtar

Undervisinga er samlingsbasert, med inntil 3 to-vekerssamlingar per semester. I tillegg kjem sjølvstudium og oppgåver mellom samlingane.

Arbeidsformene vekslar mellom forelesingar, nettbasert undervisning, seminar, skriftlege oppgåver, munnlege presentasjonar, ferdigheitstrening, interaktive kunnskapstestar, arbeid individuelt og i grupper og rettleiing.

Du skal jobbe med praksisnære problemstillingar, og kritisk refleksjon over samanhengar mellom teoretiske perspektiv og fagutøving blir vektlagt.

Praksis

Du har praksis tilsvarande 10 veker fulltidspraksis, fordelt mellom spesialist- og kommunehelsetenesta.

Kva kan du jobbe med?

  • Utdanninga kvalifiserer for både klinisk arbeid og praksisnært forskings- og fagutviklingsarbeid.
  • Du kan jobbe som fysioterapeut med spesialisert klinisk arbeid innanfor ulike nivå og delar av spesialist- og primærhelsetenesta. Du kan ha ansvar for undersøking, førebygging, behandling, hab-/rehabilitering og koordinering av forskings- og utviklingsarbeid.
  • Du kan også arbeide i utdanningsinstitusjonar.

Vil du studere meir?

Fullført studium kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.

Utveksling

Det er mogleg å ha eit studieopphald i utlandet.

Kor kan du reise?