Kunnskapsbasert praksis i helsefag

Master, hausten 2019

Er du helsearbeidar og vil utvikle fagkompetansen din? Med master i kunnskapsbasert praksis får du kunnskapen du treng for å bli ein fagleg pådrivar på arbeidsplassen din.

Samfunnet har behov for godt utdanna helsepersonell med evne til å identifisere praksisnære og relevante spørsmål. Utdanninga gir deg kompetanse til å vidareutvikle fagfeltet ditt, og til å bidra til utviklings- og endringsprosessar i klinisk praksis. Du lærer også å evaluere gjeldande praksis.

Gjennom studiet lærer du

  • avansert kunnskap innanfor fagfeltet kunnskapsbasert praksis (KBP) og metodane knytta til KBP
  • å ta i bruk forskingsbasert kunnskap innanfor eige fagområde på ein kritisk og analytisk måte
  • å kritisk vurdere og analysere faglege og vitskaplege problemstillingar

Undervisningsmåtar

Undervisninga er samlings- og nettbasert, med seminar, samlingar og gruppearbeid. Du vil også bli invitert til å delta på relevante fagseminar utanom oppsett undervisningstid.

Delar av undervisninga blir halde av internasjonale forelesarar, og vil derfor vere på engelsk.

Kva kan du jobbe med?

  • Du blir kvalifisert for arbeid med leiing, utviklingsarbeid, undervisning og formidling i helsesektoren.
  • Du tileignar deg allsidige kunnskapar innan forskingsmetode, forsking og vitskapleg tenking.

Vil du studere meir?

Studiet kvalifiserer for opptak på doktorgradsprogram.

Timeplan

Oppstart 29. august 2019.

Til timeplanen. Merk at timeplanen kan bli endra. Sjekk difor timeplanen din igjen rett før studiestart.

Utveksling

Du kan søke om eit studieopphald i Danmark som ein del av utdanninga.

Kor kan du reise?