Musikkpedagogikk

Master, hausten 2019

Mastergradstudiet i musikkpedagogikk gir deg ei heilskapleg, sjølvstendig og kritisk forståing av forholdet mellom musikk, menneske, kultur, samfunn og utdanning.

Du får kunnskap om musikkpedagogiske perspektiv og forskingstradisjonar, relevante vitskapsteoretiske omgrep og forskingstilnærmingar, og om fagdidaktisk formidling og kunstnarisk arbeid i skulen.

Du får også forskings- og formidlingskompetanse for høgare musikkutdanning, lærarutdanning og kulturlivet generelt.

Første studieår har du desse emna:

  • Musikkpedagogisk teori del 1 og 2 (15+15 sp)
  • Kunstnarisk arbeid (15 sp)
  • Vitskapsteori, metode og akademisk tekstarbeid (15 sp).

Andre studieår blir heilt og fullt via til masteroppgåva (60 sp).

Undervisningsmåtar

Vi vektlegg varierte undervisningsformer, og vekslar mellom forelesingar, seminar, kunstnariske gruppeoppgåver som inkluderer formidling, individuell og gruppevis rettleiing.

Studiet stiller store krav til sjølvstendig arbeid.

Praksis

15 dagar praksis inngår i første år av studiet.

Kva kan du jobbe med?

Med mastergrad i musikkpedagogikk kan du kan arbeide i skuleverket på alle nivå, og i offentleg og privat kulturliv. Mastergraden kvalifiserer også til vidare forsking innanfor fagfeltet.

Kandidatar som ikkje har praktisk-pedagogisk utdanning i bakgrunnen sin frå lågare grad, må ta slik utdanning i tillegg til mastergraden for å få undervisningskompetanse.

Timeplan

Til timeplanen. Merk at timeplanen kan bli endra. Sjekk difor timeplanen din igjen rett før studiestart.

Utveksling

Vi er medlem av eit nordisk musikkpedagogisk nettverk på masternivå, som arrangerer felles-nordiske kurs for masterstudentar. Godkjent deltaking på eit slikt kurs gir 4 til 6 ekstra studiepoeng. Kurset blir arrangert i eit av dei nordiske landa, og utgiftene blir delvis dekka av Nordplus.

Det er også mogleg å dra på Nordplusutveksling til andre medlemsinstitusjonar i Norden og Baltikum.

Kor kan du reise?