Master i samfunnsfagdidaktikk

Master, hausten 2019

Er du interessert i historie eller dagens samfunnsdebatt? Og i korleis skulen formidlar samfunnsfagleg innhald og verdiar? Då er dette eit masterstudium for deg!

Utdanninga bygger på lærarutdanning eller bachelorutdanning i samfunnsfag, og tar utgangspunkt i forholdet mellom samfunnsutvikling, læring og undervisning.

Studiet gir deg innsikt i sentrale historie- og samfunnsfagrelaterte problemstillingar, teoriar og forsking og fagdidaktikk. Du spesialiserer deg i enten historie eller globale studium.

Oppgåve- eller essayskriving vil i stor grad ta utgangspunkt i teoretiske og forskingsmetodiske problemstillingar knytta til masteroppgåva. Det blir lagt opp til at arbeidet med masteroppgåva skal starte tidleg i studiet, og ha kontinuerleg fokus.

Dersom du går på 4-årig grunnskulelærarutdanning, kan du søke opptak til masterstudiet etter 3. studieår. Det første året av mastergraden erstattar då det siste året av grunnskulelærarutdanninga.

Undervisningsmåtar

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, sjølvstudium, gruppe- og prosjektarbeid, seminar med presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing.

Vi legg vekt på å etablere felles møtestader for diskusjon og samarbeid mellom studentar. Undervisningsspråk er norsk og engelsk.

Praksis

Du har 15 dagars praksis i grunnskulen det første året. Datainnsamling og dokumentasjon til masteroppgåva vil kunne hentast inn frå praksisfeltet.

Kva kan du jobbe med?

  • Studiet kvalifiserer for undervisningsarbeid på ulike nivå i utdanningssystemet, offentleg forvaltning og innan kultursektoren.
  • Studiet kvalifiserer også for forskings- og utviklingsarbeid.

Vil du studere meir?

Utdanninga kan gi opptak til vidare forskarutdanning.

Timeplan

Oppstart 19. august kl 14.15, rom M6-535 Møllendalsveien.

Til timeplanen. Merk at timeplanen kan bli endra. Sjekk difor timeplanen din igjen rett før studiestart.

Kor kan du reise?