Studieplan - Master i Brannsikkerheit

Kull hausten 2019

Er du interessert i ein unik master i brannsikkerheit? Vil du vere med å bidra til eit meir brannsikkert samfunn? Med master i brannsikkerheit vil du kunne arbeida med avanserte og komplekse problemstillingar innan brannsikkerheit!

Brannsikkerheit blir meir og meir viktig i dagens samfunn, og behovet for kunnskap og kompetanse innan dette feltet er sterkt aukande.

Målgruppe: Kandidatar med bachelorgrad i ingeniørfag, brannsikkerheit, eller tilsvarande.

Læringsutbytte

Det er forventa at ein kandidat som har fullført utdanninga har oppnådd følgjande læringsutbyte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap

  • Ha avansert kunnskap som gir ei heilskapleg forståing av fagområdet brannsikkerheit.
  • Kan analysera og vurdera ulike brannsenario og dei forventa konsekvensane av desse.
  • Har inngåande kunnskap om menneskeleg åtferd ved branntilløp og i utvikla brannar med fokus på evakuering.
  • Har inngåande kunnskap om risikobaserte sikkerheitsvurderingar, barrierefilosofi med førebyggjande og konsekvensreduserande tiltak.
  • Kjenner til forskings- og utviklingsarbeidet innan fagfeltet brannsikkerheit generelt og spesielt innan eige fordjupingsfag.
  • Kan oppdatera kunnskapen sin innanfor fagfeltet brannsikkerheit, både gjennom sjølvstendig innhenting av informasjon, kontakt med fagmiljø og praksis.

Ferdigheiter

  • Kan analysera og løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innan brannsikkerheit for bygningar, prosessanlegg, fartøy og tunnellar.
  • Kan utføra modellering av ulike brannscenario og gjere konsekvensanalysar av desse.
  • Kan kalkulera og modellera røykproduksjon og toksikologisk effekt avhengig av branntype og materialar.
  • Kan gjennomføra evakueringsforsøk og modellera evakuering for aktuelle brukargrupper samt identifisera og utbetra flaskehalsar for effektiv evakuering.
  • Kan bruke relevante metodar for å vurdera brannsikkerheitsnivået i ein gitt samanheng.
  • Kan dimensjonera aktive og passive brannsløkkingstiltak.
  • Kan identifisera fare for storulykker og føreslå eigna tiltak for reduksjon av storulukkesrisiko.
  • Kan nytta kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid for brannsikringstiltak og grunngje vala sine.
  • Kan gjennomføra ei sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsarbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.

Generell kompetanse

  • Kan skildra og nytta nasjonale og internasjonale standardar innan fagområdet sitt.
  • Kan reflektera over eigen fagleg utøving, òg i team og i ein tverrfagleg samanheng, og tilpassa innsatsen til den aktuelle arbeidssituasjonen.
  • Kan medverka til utvikling av god praksis innan brannsikkerheit og nytta kunnskapane og ferdigheitene sine på nye måtar.
  • Kan drøfta menneskeleg åtferd, inkludert utfordringar relatert til risikogrupper, ved utforming av organisatorisk brannvern.
  • Kan medverka til nytenking, innovasjon av system, organisasjonar eller design som betrar brannsikkerheita.
  • Kan analysera og vere kritisk til ulike informasjonskjelder og nytta desse til å treffa avgjerder.
  • Kan kommunisera om branntekniske problemstillingar og brannrisiko til verksemder, relevante styresmakter, spesialistar innan fagfeltet og ålmenta.

Innhald

Sentrale tema i masterstudiet innan brannsikkerheit er barrierer for å unngå antenning og branntilløp, forståeing av ulike scenario for brann- og røykutvikling, kalkulering av brann- og røykutvikling og risiko for menneske, materiell og miljø, brannsikkert design, brannteknisk risikovurdering, menneske si åtferd ved brann og evakuering, beredskap, brannvern i bedrifter og kommunar, kommunikasjon og ulykkesgransking.

Arbeidsformer

Arbeidsformene som er valt til å formidla faget skal invitera studentane til aktivitet og sjølvstendig tenking. For studiet gis eit variert utval av arbeids- og undervisningsmetodar, tilpassa det enkelte emnet, ut frå ei formidling der den enkelte studenten vil bli inspirert og engasjert i emnet. Arbeidet er organisert gjennom førelesingar, seminar, gruppearbeid, prosjektarbeid og presentasjonar. Første studieår består av fordjuping i teoretiske tema i form av seks ulike emne på 10 studiepoeng kvar, med om lag 6 intensive undervisningsveker i semesteret. Alle førelesingane blir teke opp og blir gjort tilgjengelege for studentane på Fronter i etterkant.

Praksis: Ikkje relevant

FoU-basering: Studiet gir ein god bakgrunn for å arbeida med undervisning, forsking og utvikling, og vil kunne kvalifisera for stipendiatstilling. Den avsluttande masteroppgåva vil i stor grad bli knytta til pågående FoU-arbeid ved institusjonen og industrien. Ved å leggja oppgåva opp som eit slikt arbeid, vil studentane òg førebuast til Ph.D.-studium, både nasjonalt og internasjonalt.

Praktisk informasjon om studiet: Masterstudiet er eit krevjande, høgare grads studium, som går over to år. Studiet byggjer på ei 3-årig branningeniørutdanning og har eit omfang på 120 studiepoeng.

Primært undervisningsspråk i utdanninga er engelsk. Andre studieår består av sjølvstendig arbeid i form av ei masteroppgave på 60 studiepoeng.

Eitt års studium er normalt 60 studiepoeng ved full progresjon. Fulltidsstudenten må rekna med å bruka i snitt minimum 40 timar effektiv arbeidstid per veke på studiet.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi er integrert i undervisinga med databaserte støttesystem som viktige verktøy i det faglege og pedagogiske arbeidet.

Undervisninga føregår primært mellom kl 08:15 og 17:00, men undervisning på ettermiddagen kan førekome.

Vurderingsformer

Ved utdanninga er det lagt opp til varierte vurderingsformer i de ulike emna. Vurderingsordninga i et emne kan f.eks. være i form av skriftlig skoleeksamen, mappeeksamen, muntlig eksamen, prosjekt eller hjemmeeksamen. Et emne kan også ha ei vurderingsordning der flere vurderingsformer blir kombinert, f.eks. skriftlig eksamen og mappeeksamen. I mange av emnene er det studiekrav, som er oppgaver/aktiviteter/arbeid som ikke teller på den endelige karakteren, men som må være godkjent for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet.

Informasjon om vurderingsordninga framgår av emnebeskrivelsen til hvert enkelt emne og gjennomgås av emneansvarlig ved semesterstart. Se ellers forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet for nærmere detaljer.

Internasjonalisering

HVL har strategisk plan om forpliktende samarbeid med internasjonale akademiske institusjoner der også forskerutdanning står sentralt. HVL tilrettelegger for at studenter som ønsker det skal kunne ta en del av utdanningen sin i utlandet, både gjennom avtaler med institusjoner i utlandet, og ved å tilrettelegge for at studenter kan reise på eget initiativ til institusjoner vi ikke har en avtale med. I tillegg, markedsfører HVL seg i utlandet til internasjonale studenter. HVL har avtaler innen brannsikkerhet på masternivå med Universitetet i Maryland og UNI Magdeburg.