Produksjonsteknikk

Bachelor, hausten 2019

Produksjonsteknikk gir tverrfagleg kompetanse innan teknologi, verdiskaping og administrasjon. Ein ingeniør med denne utdanninga kan bidra til å utvikle, tilpasse og innføre både tekniske og administrative løysingar i takt med skiftande tilhøve i og utanfor verksemda.

Produksjonsingeniøren har ein viktig rolle for at arbeidsplassen heng med på utviklinga. Innan produksjonsteknikk får studenten høve til å heve blikket og ikkje berre sjå på teknikk og detaljar, men óg på dei overordna kringliggande prosessane som til dømes logistikk og leiing.

Om du vel produksjonsteknikk, får du både kommersiell og teknologisk ballast. Utdanninga legg vekt på maskintekniske fag, produksjon og tilverknad, prosjektleiing, innovasjon og produktutvikling, marknadsføring, logistikk og innkjøp, vedlikehald og kvalitetsteknikk.

Utdanninga har eit nært samarbeid med industrien i regionen. Vestlandet er den mest industritunge regionen i Noreg, med eit kontinuerleg behov for dyktige ingeniørar.

Undervisningsmåtar

Den raske utviklinga av ingeniøren sine arbeidsverktøy pregar utdanninga. Som student får du ta i bruk ulike dataverktøy.

Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå emne til emne. Det er førelesingar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, og i tillegg sjølvstudium. Ved gruppe- og laboratoriearbeid er det obligatorisk oppmøte. Nokre fag har skriftleg eksamen, medan andre fag kan ha mappevurdering eller munnleg eksamen.

Kva kan du jobbe med?

Utdanninga tar utgangspunkt i grunnleggjande fag innan maskinteknikk, og kvalifiserer difor til fleire av dei klassiske maskiningeniørjobbane. Vidare gir utdanninga kompetanse som blir krevd ved dagleg drift og leiing av bedrifter i dei fleste bransjar.

Ingeniørar med utdanning innanfor produksjonsteknikk er kvalifiserte for ei rekke utfordrande oppgåver, nasjonalt og internasjonalt. Du kan få jobb innanfor private og offentlege verksemder, verkstadindustri, prosessindustri, landbasert og offshorerelatert industri, samt i rådgjevande verksemder.

Jobbane kan omfatte ei heil rekke ulike oppgåver, til dømes produksjon, produksjonsleiing, kvalitetsleiing, vedlikehaldsleiing, produktutvikling og design, forsking og utvikling, prosjektleiing, sal og marknadsføring, innkjøp og logistikkrelaterte oppgåver.

Utveksling

Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet, om du ynskjer det. Du kan mellom anna reise på utveksling til ulike institusjonar i Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand.

Kor kan du reise?

Sjå glimt frå utdanninga!