Nautikk, Y-veg

Bachelor, hausten 2019

Har du fagbrev som matros eller fiskar, og ønskjer å bli dekksoffiser? Med bachelor i nautikk Y-veg fortel du næringa at du har hatt praksis i forkant av studiet, og at du etter fullført studium er svært godt rusta for den jobben du skal gjere.

Nautikkutdanninga er solid forankra i ei av dei sterkaste maritime klyngene i Noreg. Utdanninga er godkjent av Sjøfartsdirektoratet i tråd med internasjonalt regelverk (STCW) og gir deg det teoretiske grunnlaget for å kunne løyse uavgrensa dekksoffiserssertifikat (D1).

Du lærer å

  • planlegge og gjennomføre ein seglas i ulike farvatn, og bruke ulike instrument og system knytt til dette
  • administrere og leie mannskapet om bord
  • utføre oppgåver om bord på ein trygg måte for mannskapet, skipet og omgjevnadane
  • sikre trygg lasting, transport og lossing av last
  • planlegge og vurdere risiko

Etter 2. studieår er du ferdig med hovuddelen av sertifikatfaga, og kan fylle ut ein stor del av punkta i WebCadet, som er administrasjonssystemet for sertifikatretta opplæring om bord.

I siste studieår har du nokre obligatoriske emne, men i hovudsak vel du sjølv innhaldet. I haustsemesteret er det mogleg å reise ut i praksis hos eit av reiarlaga HVL samarbeider med.

Undervisningsmåtar

Utdanninga er lagt opp med forelesingar, simulatorøvingar, praktiske øvingar, oppgåveløysing, gruppearbeid og bedriftsbesøk. Du har forelesarar med god kjennskap til bransjen, og fleire seglar framleis som dekksoffiserar. Slik sikrar vi at dei teoretiske perspektiva står i samanheng med verkelegheita.

I nokre emne er undervisningsspråket engelsk. Dette gir deg eit godt språkleg grunnlag for framtidig jobb i ein internasjonal bransje, der engelsk er arbeidsspråk i mange samanhengar.

Kva kan du jobbe med?

Etter fullført utdanning dekkjer du det teoretiske grunnlaget for å kunne løyse sertifikat som dekksoffiser. Du må i tillegg fullføre nødvendig fartstid som kadett før du kan søke om ditt første dekksoffisersertifikat.

Vi har forpliktande samarbeidsavtalar med mange lokale reiarlag. Dette gjer at du kjem tett på den maritime næringa i ei tidleg fase av studiet, og våre ferdigutdanna studentar er dei første som blir vurdert for kadettjobbar i desse reiarlaga.

Partane i avtalen med HVL er Fagskulen Rogaland avdeling Karmsund, Haugesund rederiforening, Maritimt opplæringskontor SørVest, Solstad Offshore, Østensjø rederi, DOF, Eidesvik Offshore, Knutsen O.A.S. shipping, Simon Møkster shipping og Tidewater Marine. I tillegg deltek Odfjell shipping på dei årlege intervjudagane på HVL, kor reiarlag intervjuar søkjarar til kadett- og sommarjobbar på campus Haugesund.

Vil du studere meir?

Du blir kvalifisert for å søke opptak til relevante masterstudium i inn- og utland. Eksempel kan vere Master of Maritime Operations ved HVL og International Shipping ved Plymouth University i England.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet.

Kor kan du reise?