Økonomi og administrasjon

Bachelor, hausten 2019

Med ein bachelor i økonomi og administrasjon får du ei solid og brei fagleg plattform, og du blir attraktiv på arbeidsmarknaden.

Utdanninga er tverrfagleg og yrkesretta. I tillegg til ein brei økonomisk og administrativ kompetanse, får du spisskompetanse innanfor ei fagretning du vel sjølv.

Du har fag innan 

  • bedriftsøkonomi og rekneskap
  • leiing, organisasjon og administrasjon
  • metode og samfunnsøkonomi
  • etikk, samfunnsansvar og berekraft

I 3. studieår vel du ein av følgjande fordjupingar: rekneskap, finans og økonomistyring eller administrasjon og leiing. Dersom du ønskjer å bli rekneskapsførar, vel du rekneskap som fordjuping.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, diskusjonar, seminar og rekneverkstad. Du arbeider med oppgåver både individuelt og i grupper.

Kva kan du jobbe med?

Etter fullført utdanning kan du jobbe som fagperson eller rådgivar innan mellom anna bank og forsikring, shippingrelatert verksemd, forretningsverksemd eller offentleg forvaltning.

Vil du studere meir?

Etter fullført utdanning kan du bygge på med ein master innan økonomi og administrasjon ved ulike høgskular og universitet i Noreg og i utlandet.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.

Les meir om å dra på utveksling.

Kor kan du reise?

Australia | Griffith University

Australia | Queensland University of Technology

Australia | Victoria University

Australia | University of the Sunshine Coast

Australia | James Cook University

Belgia | Haute École de la Province de Liège

Belgia | Haute Ecole 'EPHEC' - Branch: Institut supérieur des 'Aumôniers du Travail'

Belgia | Arteveldehogeschool

Brasil | University of the Valley of Itajaí

Canada | Trent University

Finland | Satakunta Polytechnic

Finland | Seinäjoki Polytechnic

Frankrike | IDRAC International School of Management

Italia | University of Padua

Japan | Kansai University

Latvia | ISMA Graduate School

Litauen | Alytus College

New Zealand | The University of Waikato

Polen | Higher School of Banking, Gdansk

Polen | Jan Kochanowski University in Kielce

Polen | Academy of Business in Dąbrowa Górnicza

Russland | Admiral Makaroc State Maritime Academy

Slovenia | University of Primorska

Spania | University of Huelva

Storbritannia og Nord-Irland | University of Strathclyde

Storbritannia og Nord-Irland | University of Manchester

Sør-Korea | Myongji University

Tyskland | University of Applied Sciences Emden/Leer

Tyskland | Fachhochschule Ingolstadt

Ukraina | Petro Mohyla Black Sea National University

USA | Indiana University of Pennsylvania

USA | University of California, Berkeley

USA | University of New Haven

USA | Augustana University

USA | Pacific Lutheran University

USA | San Diego State University

USA | California State University Monterey Bay

USA | Western Washington University

USA | State University of New York-College at Old Westbury

Praksis i økonomiutdanninga ved HVL, campus Haugesund