Økonomi og administrasjon

Bachelor, hausten 2019

Med bachelor i økonomi og administrasjon får du ei brei og yrkesretta utdanning som opnar for mange moglegheiter innan både privat næringsliv og offentleg forvaltning.

Utdanninga passar godt for deg som ønskjer å jobbe med rådgivings- eller spesialistoppgåver knytt til dei økonomiske, organisatoriske eller administrative delane av ein privat eller offentleg organisasjon.

Du lærer

  • å utarbeide og analysere rekneskap
  • korleis produkt og tenester kan utviklast og marknadsførast
  • om finansiering av verksemder, vurdere nye investeringar og kunne analysere inntekter og kostnader
  • å gjennomføre strategiske analyser

Du har emne som bedriftsøkonomi, leiing og strategi, matematikk, marknadsføring, samfunnsøkonomi, forretningsjus, etikk, samfunnsansvar og berekraft.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, seminar, gruppeøvingar og organiserte kollokviegrupper med rettleiing. Vi koblar teori og praksis gjennom arbeid med relevante problemstillingar.

Kva kan du jobbe med?

  • Rådgivings- og spesialistoppgåver knytt til økonomi og administrasjon innan privat næringsliv, som til dømes bank, forsikring, revisjon, konsulentverksemd og reiseliv.
  • Rådgivings- og spesialistoppgåver knytt til økonomi og administrasjon innan offentleg forvaltning og andre organisasjonar.
  • Mellomleiar og leiar i privat og offentleg sektor.
  • Etter to års relevant praksis og nokre spesifikke valemne kan du søke Finanstilsynet om autorisasjon som rekneskapsførar. Emna du må velje finn du i studieplanen.

Vil du studere meir?

Med ein bachelor i økonomi og administrasjon kan du ta masterutdanning ved ulike høgskular og universitet i Noreg og i utlandet.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 4. semester.

Kor kan du reise?

Sjå korleis det er!