Hopp til innhald

Studieplan - Praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfaglærarar

Hausten 2019

Praktisk pedagogisk utdanning er ei lærarutdanning for deg som allereie har ei utdanning, og som treng pedagogisk kompetanse for å kunne undervise elevar i det faget du har utdanning i. PPU for trinn 8-13 er studieretninga for deg som har ei allmennfagleg utdanning frå ein høgskule eller eit universitet. Utdanninga må vere på minst 180 studiepoeng

Læringsutbytte

Kandidaten skal etter fullført praktisk-pedagogisk utdanning ha følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

 

Kunnskap

Kandidaten

- har inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante trinn

- har brei forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet

- har inngåande kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga

- har brei kunnskap om barne- og ungdomskultur, og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekster

- har brei kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar generelt og særleg i respektive fag

- har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, under dette kunnskap om vold og seksuelle overgrep, og om barn og unge sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv

 

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan planleggje, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap

- kan leie og legge til rette for undervisningsforløp som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar

- kan bruke varierte arbeidsmetodar, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø

- kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elevane si læring, gje læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eigen læring og eigen faglege utvikling

- kan identifisere særskilde behov hjå barn og unge, under dette identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne setje i gang nødvendige tiltak

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå

- innehar ei profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål

- kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til både kollegaar si utvikling og skulen si utvikling

- kan bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket

Innhald

Utdanninga bygger på forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfag for trinn 5.- 13.

Praktisk-pedagogisk utdanning er eit deltidsstudium over to år med eit omfang på 60 studiepoeng. Det består av pedagogikk 30 studiepoeng og yrkesdidaktikk 30 studiepoeng.
Utdanninga består av to emnegrupper, ledelse av læreprosesser og skolen i samfunnet, kvar er delt i to emne.

Begge emnegruppene er knytta til pedagogikk og fag-/yrkesdidaktikk, praksis og kompetanseområda. Praksisopplæringa vil integrere dei ulike innhaldskomponentane i studiet slik at praksiserfaringar, pedagogisk og didaktisk kompetanse framstår i eit vekselspel i kvalifiseringa til læraryrket.

Praksisopplæringa går totalt over minst 60 arbeidsdagar (300 timer).

Studenten må ha fått godkjent obligatoriske studiekrav innan fastsatte tidsfristar for å få gå opp til eksamen, under dette 80% oppmøte på den samlingsbaserte undervisninga.

Arbeidsformer

Organisering og praktisk informasjon om studiet: 
Studiet går over fire semester og blir organisert med samlingar og arbeid i grupper. Mellom samlingane arbeidar studentane individuelt og i grupper. Rettleiing blir gjeve individuelt, gruppevis på samlingar og digitalt.

Det er krav om 80 % oppmøte på den samlingsbaserte undervisninga. Studenten må ha levert obligatoriske arbeidskrav innan fastsette tidsfristar og fått desse godkjent for å få gå opp til eksamen.

Studiet bruker Fronter som læringsplattform.

Studentane skal ha rettleia og variert praksis begge åra.

 

Politiattest

I Forskrift om opptak til høgre utdanning, kap.6, §6-1 blir det slått fast at søkarar til denne type utdanning må legge fram politiattest. Attesten skal brukast i forbindelse med praksisutplassering.

Attesten skal leverast seinast ved fastsatt studiestart. Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månadar.

Attesten gjeld i 3 år. Studentar på 4-årig utdanning eller studentar som har opphald i utdanninga (permisjon e.l.), og dermed brukar lengre tid enn 3 år, må levere ny attest.

Skikkavurdering i lærarutdanningane

Lærarutdanningsinstitusjonen har ansvar for å vurdere om lærarstudentane er skikks for læraryrket. Dette er ein heilskapleg vurdering av studenten som omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader.

Praksislærarar og faglærarar har saman ansvar for så tidleg som råd i studiet å melde eventuell tvil om studenten er skikka. Studentar og andre ansatte kan og levere tvilsmeldingar. Slike tvilsmeldingar skal gå via institusjonsansvarlig ved HVL.

Studentane vil tidleg i studiet få nærmare informasjon om skikkavurdering.

Fastsatt av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) § 4-10 sjette ledd, http://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-30-859

Lenke til rammeplan:


Studiet er styrt av forskrift til rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-12-21-1771

Vurderingsformer

Studiet har varierte vurderingsformer og dei ulike eksamensformane blir vurdert etter karakterskalaen A-F. A-E viser at studenten har bestått kurset, mens karakteren F angir stryk. Karakteren C reflekterer eit godt og solid fagleg resultat.

Praksis blir vurdert av praksislærarar og faglærarar frå HVL. Her brukast karakteren bestått/ikkje bestått.

Internasjonalisering

Dersom studentane tar ein del av PPU -studiet i utlandet, må det vere i samsvar med institusjonen sine vilkår for godkjenning av studiet.