Praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag

Årsstudium, hausten 2019

Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag er eit studium for deg som treng pedagogisk kompetanse for å undervise i eit fag du allereie har utdanning i.

Dette deltidsstudiet er samlingsbasert og blir tilbydt på Stord hausten 2019. (Vil du heller ta studiet på full tid, kan du ta heiltidstudiet i Sogndal.)

Studiet knyter teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium, og gir deg som framtidig faglærar nødvendig startkompetanse. Studieprogrammet er ramma inn av eit kunnskapssyn der profesjonskompetanse er definert som ein konstruksjon av fleire ulike kunnskapsformer.

Studiet består av 30 studiepoeng pedagogikk og 30 studiepoeng fagdidaktikk. Desse er fordelt likt i to emne:

  • Leiing av læreprosessar
  • Skulen i samfunnet

For å kunne ta eksamen, må du ha minimum 80 % frammøte i begge emna.

Fagprofilar Stord (deltid):

  • Naturfag
  • Matematikk
  • Framandspråk
  • Norsk
  • RLE
  • Kroppsøving
  • Musikk
  • Samfunnsfag
  • Kunst og handverk
  • Dans
  • Drama

Alle profilane utanom kroppsøving har fått utsatt søknadsfristen til 15. april. Dersom det ikkje blir nok søkarar innan dei enkelte profilane, blir ikkje desse starta opp.

Studieprogrammet følgjer dei læringsutbytta som til ei kvar tid er gjeldande i rammeplan og nasjonale retningslinjer. Nærmare omtale av studiet og progresjon ligg i emneplanane til studiet og i studiehefte frå den enkelte studiestaden. Studieheftet blir publisert våren 2019.

Undervisningsmåtar

Vi har varierte og studentaktive arbeidsformer. Kva arbeidsformer som blir brukt er avhengig av kva tema vi arbeider med. Nærmare presisering kjem i emneplan og studiehefte.

Deltidsstudiet er organisert som ei fleksibel, samlingsbasert og nettstøtta utdanning. Undervisninga kan bli lagt til helg, og delar av den fagdidaktiske undervisninga kan foregå på ein annan campus enn der du er tatt opp. 

Praksis

Praksisopplæringa har eit omfang på 60 heile arbeidsdagar. Du tileignar deg praktisk erfaring med læringsteoriar og pedagogiske fenomen som blir tatt opp i dei to teoretiske emna i studiet. 

Praksisopplæringa består av alle dei aktivitetane som inngår i arbeidskvardagen til ein lærar, og blir omtalt i emneplanane for praksis. Praksis skal vere rettleia, og du vil få praksisbesøk der både praksisrettleiar og lærar frå HVL deltar. Du kan ta halvparten av praksisopplæringa ved eigen arbeidsplass.

Kva kan du jobbe med?

Utdanninga gir undervisningskompetanse frå 5. trinn i grunnskule, vidaregåande skule, vaksenopplæring og høgskule, avhengig av kva fag og fagkompetanse du har i botn.