Tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helsearbeid

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Eit viktig og interessant fagfelt som treng deg! Som student ved tverrfagleg vidarerutdanning i psykisk helsearbeid er du med på å utvikle fagfeltet.

Studieprogrammet er sett saman av fem emne på til saman 60 studiepoeng. Studentar med bakgrunn innan helse- og sosialfag kan etter fullført vidareutdanning søkje om å byggje på utdanninga til Masterstudiet i psykisk helse- og rusarbeid.

Mennesket, psykiske lidingar og det sosiale miljø (PSYK6101) Haust 2018

Emnet vektlegg kunnskap om psykiske lidingar, forståing og innsikt i korleis psykiske lidingar opplevast og kva slags konsekvensar dei kan få i kvardagen. Eit sentralt fokusområde er kunnskap om samanhengen mellom biologiske, psykologiske, kulturelle, sosiale og samfunnsmessige tilhøve for utvikling av psykiske lidingar og val av behandlingsmodell og perspektiv.

Organisering av tenestene for menneske med psykiske lidingar (PSYK6202) Vår 2019

Emnet vektlegg kunnskap om korleis samfunnet ved det offentlege, private og frivillige hjelpeapparatet møter menneske med psykiske lidingar. Eit sentralt fokusområde er tverrfagleg samarbeid for å fremje helse og betringsprosessar hos psykisk lidande.

Vitskapsteori, metode og etikk (VIT6202) Vår 2019

Emnet omhandlar sentrale vitskapsteoretiske tradisjonar og perspektiv, og fokuserer på korleis dei kjem til uttrykk i val av metode, analyse av data og formidling. Fokus er retta mot vitskapelig verksemd generelt og forskning innan psykisk helse- og rusarbeid spesielt. Evne og vilje til å stille kritiske vitskapsteoretiske, metodologiske og etiske spørsmål ved korleis forskningsprosjekt vert planlagd, gjennomført og formidla i vitskapelige publikasjonar, blir særskild vektlagd.

Utvikling og utøving av psykisk helsearbeid:Kommunikasjon, samhandling og konfliktløysing (PSYK6103) Haust 2019

Emnet vektlegg kunnskap om kommunikasjon og ulike terapeutiske tilnærmingar, utvikling av ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling.

Psykisk helsearbeid og relasjonskompetanse i eit brukarperspektiv (PSYK6104) Vår 2020

Emnet vektlegg mellom anna kunnskap om relasjonen sin verdi, ulike terapeutiske tilnærmingar og ulike omsorgs- og helsefremjande modeller.

Undervisningsmåtar

Målgruppe:

Personar i privat og offentlig sektor som arbeider med psykisk helsearbeid.

Arbeids- og undervisningsformar:

Undervisning, rettleiing, gruppearbeid. Studiet vert dessutan basert på obligatorisk deltaking i rettleiingsgrupper, kommunikasjon på nett og ei omfattande eigeninnsats mellom samlingane. 

Organisering:

Deltidsstudium over to år. I hovudsak tre vekessamlingar kvart semester.

Arbeidskrav:

Ja. Spesifiseres i semesterplan ved studiestart.

Eksamen:

Heimeeksamen eller oppgåve i kvart emne.

Vil du studere meir?

Du kan bygge på vidareutdanninga med Master i psykisk helse- og rusarbeid på campus Bergen. Du vil då få godskrive første del (60 studiepoeng) av masterstudiet.

Studiet kan også etter søknad gå inn som valfritt emne og gi avkorting av andre relevante masterstudium.