Redningsdykkerkurs

, høsten 2019

Kurset gir grunnleggande opplæring som redningsdykkar i form av undervisning og praktiske øvingar med sjølvforsynt og overflateforsynt dykkarutstyr. Eleven får også trening i redningsoperativ dykking, som inkluderer utrykkingsfase, søk og berging av forulykka og/eller store verdiar.

Kurset gjennomførast ved Dykkarutdanninga i Bergen. Desentralisert undervisning av heile, eller delar av kurset kan også arrangerast i samarbeid med lokalt brannvesen. Kurset har som mål å sette dykkaren i stand til å utføre redningsdykking på ein sikker måte til ei djupne av 30 meter.

Grunna stor pågang frå brannvesen i Noreg, har det sidan 2003 blitt arrangert kurs lokalt hos dei respektive brannstasjonar, men det gis opning for at personell som ikkje er knytt spesifikt til brannvesenet kan delta på desse kursa. Interesserte kan ta kontakt med Dykkarutdanninga

Kurset varer i 9 veker (45 skoledagar) og har 10 studentplassar. Er det fleire søkarar enn kursplassar, vil søkarane bli prioriterte etter relevant utdanning og yrkeserfaring.

Hva blir du kvalifisert for?

Ved gjennomført kurs er eleven kvalifisert til å praktisere som redningsdykkar ved ein redningsetat. Dykkebevis A og fagopplæring redningsdykking (A+R), blir skriven ut av Høgskulen på Vestlandet, Dykkarutdanninga.