Innføring i rettleiing

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Vil du auke rettleiingskompetansen din? I denne vidareutdanninga lærer du meir om rettleiingsfeltet, og korleis du kan bruke rettleiing i ulike arbeidssituasjonar.

Studiet gir deg kunnskap og ferdigheiter til bruk i rettleiingssituasjonar, og passar for deg som er praksisrettleiar, kontaktsjukepleiar eller har ein annan jobb der rettleiing er ein del av arbeidskvardagen din.

Du lærer om:

  • rettleiingsomgrepet og rettleiingstradisjonar
  • rettleiing i lys av ulike perspektiv på læring
  • strategiar og metodar i coaching/rettleiing
  • handlings- og refleksjonsmodellen og meisterlære
  • situasjonsavhengig rettleiing
  • kommunikasjon og relasjonar
  • makt og etikk i rettleiing

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, øving i grupper, rettleiing og skriftleg arbeid. Det er lagt opp til 4 samlingar á 2 dagar, og arbeid mellom samlingane.

Mellom samlingane vil kommunikasjonen foregå gjennom den digitale læringsplattformen Canvas.