Rusproblematikk og rusarbeid

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Vil du vidareutvikle eigen profesjonalitet i arbeid med menneske med rusvanskar, eller er du leiar for slike tenester? Eller er du politikar eller sakshandsamar og ønskjer auka kunnskap om fagområdet? Då er dette ei aktuell vidareutdanning for deg!

Utdanninga er sett saman av fire emne. Du kan ta heile utdanninga på 60 studiepoeng, eller enkeltemne på 15 studiepoeng.

  • Rusproblematikk - samansette utfordringar
  • Rusproblematikk - rusarbeid og behandling
  • Fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusomsorg*
  • Rusproblematikk - ulike perspektiv i forståinga av rus

* Inngår også i vidareutdanninga Psykisk helsearbeid, med samlingar i Førde.

I studiet lærer du:

  • om ulike problemstillingar og perspektiv på rusrelaterte vanskar
  • om samansette utfordringar for brukar og hjelpeapparat
  • teoriar og metodar som er sentrale i arbeid med rusrelaterte utfordringar
  • å analysere hjelpebehov i eit heilskapsperspektiv
  • å analysere arbeidsformer og utvikle modellar for tverrfagleg samarbeid
  • om samhandling på tvers av faggrupper og tenestenivå

Undervisningsmåtar

Undervisninga vil variere mellom forelesingar, diskusjonar, skriftleg arbeid, munnleg presentasjon, seminar, rettleiing og sjølvstudium. I kvart semester blir det eitt emne på 15 studiepoeng med 3-4 vekesamlingar.  

Kva kan du jobbe med?

Du kan jobbe innan

  • barne- og ungdomsinstitusjonar, barnevernstenesta og utekontakten
  • barnehage og skule
  • kommunal rusteneste
  • barne- og ungdomspsykiatri
  • tverrfagleg spesialisert rusbehandling

Vil du studere meir?

Emna i rusproblematikk kan inngå som valemne i Master i samhandling innan helse- og sosialtenester.

Timeplan

Samlingane er felles med studentane på vidareutdanning i psykisk helsearbeid, og foregår på campus Førde.