Studieplan - Rusproblematikk og rusarbeid

Kull hausten 2019

Vidareutdanninga i rusproblematikk - rusarbeid skal stimulere til fagleg utvikling. Den auka kompetansen skal kunne nyttast i samhandling med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar.

Problem knytt til bruk av rusmidlar er ei utfordring både for den rusavhengige og det personlege nettverket. Dessutan har hjelpeapparatet utfordringar i arbeidet med rusproblematikk; det kan handle om førebygging, redusering av rusmiddelbruk og avgrensing av skadeverknadar. Vidareutdanninga tek utgangspunkt i at rusarbeid er eit fleirfagleg felt som er prega av eit mangfald av teoriar og metodar. Forståing av rusmiddelbruk og rusvanskar vert her belyst utifrå fleire faglege og metodiske perspektiv. Ein ser mellom anna på det komplekse med å ha rusproblem, som relasjonelle tilhøve, fysisk og psykisk helse, økonomi, arbeid og strukturelle vilkår.

Vidareutdanninga er sett saman av to emna à 7,5 studiepoeng og et emne på15 studiepoeng som tilsaman utgjer vidareutdanninga Rusproblematikk og rusarbeid (60 studiepoeng). Høgskulen kan velje å lyse ut heile vidareutdanninga Rusproblematikk og rusarbeid (60 studiepoeng), eller kvart enkelt emne som vidareutdanning. Emna PS1-300 Fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid - 7,5 stp og rusproblematikk og PS1-301 Vitskapsteori, metodikk og etikk - 7,5 stp erstattar tidlegare emne PS106 Fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusomsorg - 15 stp.

Undervisninga er på deltid og blir organisert som vekesamlingar.

Læringsutbytte

KUNNSKAPAR

Etter fullført utdanning har/kan kandidaten

  • inngåande kunnskap om problemstillingar, ulike teoriar og perspektiv på rusrelaterte vanskar
  • anvende kunnskap om rusmiddelbruk på individ- og samfunnsnivå
  • anvende avansert kunnskap om rusmiddelbruk og samansette utfordringar for brukar og hjelpeapparat
  • inngåande kunnskap om endringsprosessar og behandlingsformer
  • inngåande kunnskap om særlege utfordringar knytt til langvarig rusmiddelbruk

FERDIGHEITER

Etter fullført utdanning kan kandidaten

  • bruke relevante teoriar og metodar frå praksis og empirisk forsking i sjølvstendig arbeid innan rusarbeid
  • reflektere over ulike hjelpetilbod og metodar for samhandling – med brukar og med pårørande, mellom kommunalt rusarbeid og rusbehandling, i spesialisthelsetenesta og i frivillig sektor

GENERELL KOMPETANSE

Etter fullført utdanning kan kandidaten

  • formidle og diskutere rusfaglege problemstillingar
  • anvende avansert kunnskap om kompleksiteten kring rusmiddelbruk og samansette utfordringar som langvarig rusmisbruk kan føre til
  • med utgangspunkt i relevante teoriar kritisk analysere rusmiddelbrukarar sitt hjelpebehov i eit heilskapsperspektiv og bidra til nytenking

Innhald

  • Ulike teoretiske perspektiv som er sentrale i praktisk arbeid med rusrelaterte utfordringar og forsking.
  • Folkehelse og rusførebyggjande strategiar.
  • Kompleksiteten i livssituasjonen ved langvarig rusmiddelbruk.
  • Helsemessige utfordringar.
  • Behandlingsformer.
  • Tverrfagleg samhandling og brukarmedverknad.
  • Etikk

Arbeidsformer

Førelesingar, diskusjonar, skriftleg arbeid, munnleg presentasjon, refleksjonsseminar og sjølvstudium.

Vurderingsformer

Skriftlege og munnlege eksamenar. Bokstavkarakter.