Studieplan - Rektorutdanning - Utdanningsleiing

Kull hausten 2019

Tilbodet er ein del av Den nasjonale rektorutdanninga (2015-2020) i regi av Utdanningsdirektoratet.

Læringsutbytte

Å styrke leiarkompetansen til studentane gjennom å ha fokus på at dei identifiserer og tek ansvar for oppgåver og utfordringar dei vil stå overfor som leiarar i skulen.

Å styrke leairkompetansen til studentane, som grunnlag for å utvikle ein skule som søker å ta vare på interesser, rettar og behov til elevar, foreldre, lærarar og samfunnet.

Kunnskap

Etter avslutta utdanning skal kandidaten ha kunnskap om

  • ulike teoriar om leiing og korleis krav og forventningar til leiarar og medarbeidarar varierer med val av perspektiv
  • leiing på ulike nivå og i ulike funksjonar
  • kommunikasjon og konflikthandtering
  • skulekultur og om skulen som lærande organisasjon og lærande system
  • leiing av endringsprosessar og kvalitetstenking
  • utdanningssystem i Noreg og i andre land
  • korleis ein kan vidareutvikla seg som leiar, og om etisk og klokt leiarskap
  • kunnskap om profesjonsutvikling i skulen

Ferdigheit

Etter avslutta utdanning kan kandidaten

  • identifisere og reflektere over sterke og svake sider ved seg sjølv som leiar, og arbeide vidare med utfordringar ein står ovanfor som leiar i skolen
  • analysere og reflektere over eigen leiingspraksis i lys av intersubjektive diskursar
  • planlegge, reflektere og grunngje val av leiingspraksis i høve personalet
  • planlegge, reflektere og grunngje korleis ein leier eit lærarteam gjennom relasjonsbygging, struktur, regler og rutinar, tydelege forventingar og motivering
  • forholda seg til kriser, konfliktar og spenningar i stab på ein konstruktiv og relasjonsfremmande måte
  • bruke kvalitetsverktøy til analyse og utvikling av læringsaktivitetar
  • nytte ulike leiarutviklingsverktøy og reflektere over sterke og svake sider ved desse
  • leie profesjonsutvikling i skulen

Generell kompetanse

Etter avslutta utdanning har kandidaten

  • ei bevisst haldning til, god sjølvinnsikt og etisk merksemd retta mot eigne handlingar som leiar
  • refleksiv haldning til forholdet mellom lærar- og leiaridentitetar
  • ei pådrivarrolle i høve systematisk og målretta utvikling av ein god skule på elev-, kollega- og organisasjonsnivå
  • evne til å analysere skulen sine utfordringar og evne til å planlegge nye tiltak i eit samfunns- og organisasjonsperspektiv
  • evne til identifisere og forholde seg på ein reflektert måte til etiske utfordringar i mellommenneskelege relasjonar
  • innsikt i korleis arbeid med forhold som skaper motstand, krise og konfliktar i yrkessamanheng

Innhald

Studiet vil ha eit innhald som er bygd opp rundt eit utval temaområde:

  • Samarbeid og læring, tilbakemeldingar og systemisk samarbeid i utdanningssystem
  • Systemkunnskap, handlingsrom og styringsrett til leiarar
  • Leiing av endringsprosessar, involvering av kollegaer
  • Kunne analyser og bruke læringsresultat og andre data for å utvikle skulen
  • Eiga leiarrolle og samspel med andre

Arbeidsformer

Studiet er erfaringsbasert og praksisnært i meininga at undervisning blir nært knytt til daglege oppgåver og funksjonar. Nett- og samlingsbasert tilbod med sju samlingar på to eller tre dagar. Forelesingar, øvingar og arbeid i basisgrupper med praktiske case og tekster støtta av ein fagleg rettleiar. Mellom samlingane: nettbaserte oppgåver og nettbasert kommunikasjon mellom rettleiarar og studentar. 

Vurderingsformer

Arbeidskrav

Det skal gjennomførast og leverast fem individuelle arbeidskrav i tilknyting til samlingane, knytt til tema og eigen praksis. Konkretisering av arbeidskrav kjem ved studiestart.

SA3-304-ME: Mappe som inneheld to tekstar:

1) Presentasjon og analyse av eit lokalt utviklingsprosjekt
2) Ein fordjupingstekst knytt til styringsystem, samarbeidsprosessar, konflikthåndtering eller forventningar til leiarrolla.

Studentane får ein samla karakter på eksamensmappa.

Karakter: Gradert karakter A-F

Ved stryk leverer studenten omarbeidd eksamensmappe.