Studieplan - Samfunnsfag, årsstudium

Kull hausten 2019

Årsstudium i samfunnsfag er eit fleirfagleg studium. Med utgangspunkt i historiske, statsvitskaplege og sosiologiske emne vil undervisninga gi innsikt i samfunnet og samfunnsutviklinga i fortid og notid.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullførd studium skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • kan gjere greie for hovudtrekk i norsk, europeisk og global historie etter 1700 og forklare sentrale kulturelle, sosiale, økonomiske og politiske endringsprosessar
  • har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar i sosiologi
  • har kunnskap om korleis statsmakta er organisert og korleis dei ulike politiske institusjonane fungerer i forhold til kvarandre i ulike land, og om forhold som påverkar forholda mellom land

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan drøfte korleis menneska sin situasjon under skiftande samfunnstilhøve har variert gjennom ulike historiske epokar, frå stad til stad, og mellom ulike grupper
  • kan reflektere kring utvalde politiske problemstillingar
  • kan finne kjelder og vurdere metodar som er relevante i kvalitative og kvantitative samfunnsvitskaplege framstillingar
  • kan orientere seg i relevant faglitteratur
  • kan gjennomføre enkle komparative analyser

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan nytte samfunnsfagleg kunnskap og forståing til å forstå samtida og ta avgjerder
  • kan gjennomføre mindre vitskaplege granskingsarbeid og presentere funna i korte analytiske fagtekstar
  • kan gi ein individuell, skriftleg eller munnleg presentasjon av ei problemstilling
  • kjenner til korleis nytenking og innovasjonsprosessar påverkar samfunnsutviklinga
  • kan tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg

Innhald

Studiet skal gje studentane ei grunnleggjande innføring i norsk, europeisk og global historie frå 1700 og fram til i dag. Det skal gje forståing for endringsprosessar og krefter som har forma det moderne samfunnet. Å forstå statsutvikling og samfunnsendring føreset ei forståing av teoriar, omgrep og analytiske forklaringsmodellar.

I den tilrådde modellen er det to statsvitskaplege emne, som tar for seg høvesvis samanliknande politikk og internasjonale relasjonar. Eit sentralt tema er globaliseringa og  kva som skjer med nasjonalstaten sine politiske og økonomiske styringsvilkår.

Når det gjeld sosiologi gir dei to emna ei grunnleggande innføring i både dei viktigaste teoriane og perspektiva innom faget og korleis samfunnsvitskaplege undersøkingar blir gjennomførte. Undervisninga i metodeemnet som avrundar årsstudiet er bygd opp kring dei ulike stega i ein forskingsprosess, frå utforming av problemstilling og innsamling av data, til analyse av data og tolking av det endelege forskingsresultatet. 

 

Arbeidsformer

Studiet set store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet. I tillegg til førelesingar og innlevering av skriftlege arbeid, vert det lagt til rette for seminarundervisning og diskusjon i mindre studentgrupper. Somme av emna har obligatorisk frammøte til undervisninga (sjå emneplanane).

I somme av emna skal studenten skrive oppgåver til mappe, som ein del av grunnlaget for sluttvurderinga/eksamen.

For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.

Vurderingsformer

Individuell skriftleg eksamen, munnleg eksamen/presentasjon i tillegg til mappeoppgåve. Sjå detaljar under emneomtalane.