Studieplan - Ungdomssosiologi, årsstudium

Kull Hausten 2019

Årsstudiet i ungdomssosiologi gir ei innføring i sosiologi med vekt på ungdomssosiologiske problemstillingar. Med dette studiet tek ein slik sikte på å formidle innsikt i dei unge sine oppvekstvilkår i seinmoderne samfunn. Årsstudiet inneheld også meir generelle samfunnsvitskaplege grunnemne knytt til samanliknande politikk og globaliseringsprosessar.

Læringsutbytte

Etter fullført årsstudium:

Kunnskapar

  • Har kandidaten kunnskap om "ungdom", som omgrep og som gruppering med historisk skiftande meiningsinnhald, i tillegg til eit utval sentrale ungdomssosiologiske studiar.
  • Har kandidaten kunnskap om grunnleggjande sosiologiske omgrep og delar av den klassiske sosiologien til Marx, Durkheim og Weber
  • Har kandidaten kunnskap om problemstillingar og teoriar knytt til marginalisering og individualisering
  • Kjenner kandidaten til grunnleggjande samfunnsvitskaplege omgrep og analysar knytt til statar, moderne politikkutforming og globaliseringsprosessar

Ferdigheiter

  • Kan kandidaten finne, vurdere og vise til relevant faglitteratur i drøfting av oppgitte ungdomssosiologiske problemstillingar
  • Kan kandidaten finne døme på korleis sosiologien tematiserer samfunnsendring og kva rolle ungdom spelar i desse prosessane
  • Kan kandidaten reflektere over samspelet mellom ungdom og omgivnader; frå familien til internasjonale politiske system
  • Kan kandidaten identifisere og vurdere metodebruk i samfunnsvitskaplege framstillingar 

 

Generell kompetanse

  • Kan kandidaten formidle og diskutere sentrale utfordringar for ungdom i overgangen frå barndom til vaksenliv
  • Har kandidaten innsikt i kva roller ungdom tek og blir gitt i seinmoderne samfunn
  • Har kandidaten kompetanse til å formidle fagkunnskap ved å skrive sakleg og etterretteleg

Innhald

Merksemda i dette studiet er mellom anna retta mot dei unge si integrering/marginalisering i forhold til trygge vaksenroller. Studiet formidlar kunnskap i sosiologisk teori og metode og brukar denne kunnskapen på studiar av ungdom. Fenomen som identitetsdanning og individualisering blir gitt særskilt merksemd. Sidan stadig meir utdanning er nøkkelen til å erobre trygge vaksenposisjonar, vil skulen og utdanning vere eit viktig tema. Kven meistrar eller kjem i konflikt med skulen? Studenten lærer også om forholdet til familie, vener, fritidsaktivitetar, konsum, rus, kriminalitet og subkultur og kva desse fenomena tyder for integrering i samfunnet.

Studenten får innsikt i dei unge sine oppvekstvilkår i vår eiga samtid og nære fortid. Både klassiske og moderne sosiologiske perspektiv blir formidla, og studenten får grunnleggjande kompetanse i sosiologisk forskingsmetode. Studiet inneheld introduksjon til ei rekkje sentrale sosiologiske emne som utdanning og sosial ulikskap, makt/avmakt, sosiale avvik, etnisitet, kulturkonfliktar, klasse og kjønn. Det er også opptatt av samspelet mellom individ og politiske organisasjonar og system, og av globaliserings- og anti- globaliseringsprosessar.

Didaktikk er integrert i studiet gjennom tematisering av sosiologiens historie, grunnproblem, arbeidsmåtar og samfunnsmessige funksjon, og meir spesielt gjennom å sjå sosiologi som grunnlag for refleksjon over ungdom sin livssituasjon.

Studiet utgjer ei sjølvstendig årseining og tel 60 studiepoeng i ein universitets- eller høgskulegrad. Årsstudiet kan også inngå i bachelorgraden i sosiologi- ungdomssosiologi ved HVL. Dersom ein går vidare i bacelorgraden er rekkjefølgja av emne noko ulik i høve studentane som med ein gong startar på bachelorstudiet.

Målgruppe

Studiet rettar seg mot dei som er interesserte i samfunnet generelt og i ungdomsproblematikk spesielt, til dømes ungdomsarbeidarar. Studiet kan og vere relevant utdanning for arbeid i offentleg forvaltning, i organisasjonslivet, eller i private føretak.

Det passar for personar som ynskjer studiet som ein del av ein bachelorgrad eller som etterutdanning for sosialarbeidarar, lærarar og andre yrkesgrupper som arbeider med ungdom.

Informasjon om overgang frå årsstudium til bachelorstudium

Studentar som ønskjer overgang direkte til 2.år bachelorstudiet i sosiologi - ungdomssosiologi må velje Examen philosophicum og Examen facultatum i vårsemesteret (2. semester) i staden for SA589 og SA590. Studentar som fullfører årsstudiet og som vil halde fram med bachelorstudiet tek Examen philosophicum og Examen facultatum i fjerde semester.

Arbeidsformer

Studiet stiller store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet. Undervisninga er lagt opp som førelesingar, seminar- og kollokviearbeid.

For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.

Vurderingsformer

Det vert nytta ulike vurderingsformer som individuell skriftleg skuleeksamen, individuell oppgåve med rettleiing og munnleg eksamen. Sjå nærare under emneomtalane.