Studieplan - Avansert klinisk sjukepleie

Kull hausten 2019

Deltidsutdanning med samlingar på campus Haugesund og Stord. Studiet vert òg basert på obligatorisk kommunikasjon på nett og ein omfattande eigeninnsats individuelt og i gruppe mellom samlingane.

Undervegsvurdering gjennom skriftlig og muntlig tilbakemelding på arbeidskrav og simuleringsøvingar.

Målgruppe:

Sjukepleiarar som har ansvar for avansert klinisk sjukepleie for eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonr innan pleie- og omsorgssektoren.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap:

Kandidaten:

  • har spesiell kunnskap om patofysiologiske prosessar ved svikt/sjukdom/skade i hjarte-, lunge-, nyre- og sirkulasjonssystemet
  • har avansert kunnskap om klinisk vurdering av eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonar

Ferdigheter:

Kandidaten:

  • arbeider kunnskapsbasert og bidreg til klinisk fagutvikling på arbeidsplassen
  • kan planleggje og gjennomføre avansert sykepleie og delegere medisinsk behandling til eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonar på ein forsvarlig og omsorgsfull måte

Generell kompetanse:

Kandidaten:

  • kan bidra til nytenkning og innovasjonsprosessar i klinisk praksis
  • har ei analytisk tilnærming til eigen praksis og til vidareutvikling av eigen kompetanse til eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonar
  • kan samarbeide hensiktsmessig med eigen og andre helsefaglige profesjonar innanfor eigen organisasjon og på tvers av tenestenivå

Arbeidsformer

Arbeids- og undervisningsformer:

Rettleiing, undervisning, simulering, sjølvstudium

Praksis:

Simulering av relevante case i kvar samling

FoU-basering:

Inkluderer relevant forsking i og utanfor HVL.

Vurderingsformer

Mappe-eksamen

Organisering

Studieprogrammet inneheld to emne, ELDHELS1006 og ELDHELS2006, kvar på 15 studiepoeng.

I kvart emne arbeidar studentane med oppgåver knytt til 3 pasientcase/pasienthistoriar relatert til eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonr.

ELDHELS1006 inneheld introduksjon til pasientgruppa eldre med svikt i vitale funksjonar og har eit særlig fokus på utvikling av samhandlings-, og informasjonskompetanse.

ELDHELS2006 byggjer på ELDHELS1006 og legg vekt på utvikling av kompetanse i klinisk vurdering av pasienten, polyfarmasi og uheldig legemiddelbruk i tillegg til kunnskapsbasert praksis.