Medisinske laboratorieanalysar

Etter- og vidareutdanning, våren 2019

Grunna den teknologiske utviklinga innan medisinske laboratorieanalysar, aukar stadig kravet til kunnskap og ferdigheiter hos bioingeniørane. I dette fagfeltet opplever ein stadig auka krav til effektivisering, kvalitetssikring og auka behov for kompetanse innan datahandsaming og dataanalysar.

Målgruppa for studiet er bioingeniørar som ynskjer å heve sin faglege kompetanse.

Hovudmålet med studiet er å vidareutvikle bioingeniørar sin kompetanse og gi innsikt i nyare, avansert teknologi og medisinske laboratorieanalysar. Studiet har ei forskingsbasert tilnærming der studentane blir utfordra til å vere utforskande, reflekterande, kritiske og evaluerande. Fullført studie vil bidra til at studentane forstår fordelar og ulemper ved dei ulike laboratorieteknologiar og analysar i høve til ulike medisinske problemstillingar. Vidare vil studenten få erfaring med å arbeide nær eit forskingsmiljø gjennom praktiske øvingar, og opparbeide seg kunnskapar og ferdigheiter for å kunne vidareutvikle seg som ein aktiv og verdifull deltakar i forskingsprosjekt.

Studiet består av 2 emne. Kvart emne er på 10 studiepoeng.

Emna er BIO301 Effektive dataanalyser i det medisinske laboratoriet og BIO302 Avanserte biomedisinske analysemetoder .

Kvart emne er organisert i 3 samlingar på 5 dagar.

BIO301: veke 3,5 og 8.

BIO302: veke 12, 15 og 17.

Kva kan du jobbe med?

Studiet gir eit fundament for vidare læring og fagutvikling. Etter godkjenning, kan studieemne på masternivå inngå som fagfordjupande del av Masterprogram i helsevitskap radiograf/bioingeniør ved Universitetet i Bergen.