Psykososialt arbeid med barn i alderen 0-4 år

Etter- og vidareutdanning, våren 2019

Jobbar du med barn frå 0-4 år og/eller deira familiar innan barnehage, barnevern, helsestasjon, PPT, Nav, Bufetat, senter for foreldre-barn, sjukehus eller andre område? Ønskjer du å styrkje den faglege og personlege kompetansen din i arbeid med små barn? Då er dette eit aktuell vidareutdanning for deg!

Utdanninga er tverrfagleg, og gir auka innsikt i barna sine første leveår, og innsikt i kva betydning sped- og småbarnsalderen har for barnet si vidare utvikling.

Du lærer om

  • Sped- og småbarnsutvikling og tidleg samspel
  • Foreldreskapet som utviklingsprosess
  • Sårbarheit, beskyttelses- og risikofaktorar
  • Metodar for observasjon, kartlegging, identifisering og vurdering av barnet si psykiske helse
  • Intervensjon, tiltak og behandling
  • Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid

Gjennom studiet lærer du metodar for observasjon og kartlegging for identifisering og vurdering av barn si psykiske helse.

Vi brukar standardiserte kartleggingsverktøy som

  • Ages and Stages Questionnaires (ASQ)
  • Social -Emotional Scale (ASQ-SE)
  • Child Behavior Checklist (CBCL)
  • Caregiver-Teacher Report Form (C-TRF)

Undervisningsmåtar

Studiet er samlingsbasert, med rundt 10 samlingar á to-tre dagar.

Vi har fellessamlingar, forelesingar, gruppearbeid med kasusframlegg og videopresentasjon, øvingar i bruk av ulike kartleggingsverktøy og intervensjonsarbeid, eigenstudium, rettleiing og skriftleg arbeid.

Det er inkludert 30 timar grupperettleiing i samlingane. Rettleiarane er kliniske spesialistar innan spe- og småbarnsfeltet. I rettleiinga brukar vi problemstillingar knytt til arbeidsplassen din.

Mellom samlingane vil kommunikasjonen foregå gjennom den digitale læringsplattformen Canvas.

Oppstart

Planlagt oppstart er januar 2019.

Timeplan

  • Samlingar våren 2019: 23.-24.januar / 13.-14. februar / 13.-14. mars / 10.-11. april / 22.-23. mai / 12.-13. juni
  • Samlingar hausten 2019: 28.-29. august / 18.-19. september / 23.-25. oktober (deltaking på Småbarndagane 23. og 24. i regi av Førde BUP) / 27.-28. november.

Det blir rettleiing dei 3 siste timane siste dag i kvar samling, kl 12.30-15.15.

Med atterhald om endringar.