Halvårig realfagskurs

Forkurs, våren 2019

Dette er eit intensivt kurs i matematikk og fysikk som kvalifiserer deg til opptak til dei fleste ingeniørstudium i Noreg. Høg arbeidsinnsats saman med topp motivasjon er kravet for å lykkast i kurset!

Realfagskurset er eit flott tilbod for deg som har generell studiekompetanse, fullført og bestått 2-årig teknisk fagskule, eller realkompetanse, men som manglar realfagleg fordjuping.

Faga i kurset er fysikk og matematikk. Pensum omfattar det vesentlege av Fysikk 1, Matematikk R1 og R2. Undervisninga er i stor grad vinkla inn mot studentane si vidare ingeniørutdanning.

Om du har yrkesfagleg utdanning og manglar generell studiekompetanse, må du søke opptak til vårt forkurs for å kvalifisere deg til ingeniørutdanning.

Søkjarar som allereie har faga R1, R2 og Fysikk1, eller tilsvarande, kan som hovudregel berre få tilbod om plass på realfagskurset dersom det er ledige plassar.

Undervisningsmåtar

Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer som krev aktiv deltaking. Undervisninga skjer normalt på dagtid med timeplanfesta tid for undervisning og rettleiing på 22 timar i veka.

Kva blir du kvalifisert for?

Bestått matematikk og fysikk på realfagskurset dekker krav til R1, R2 og fysikk 1 ved opptak til høgare utdanning i Noreg.

Oppstart

Januar