Bedriftsøkonomisk analyse

Etter- og vidareutdanning, våren 2019

Kurset gir grunnleggande kunnskapar i bedriftsøkonomisk teori og metode. Kurset startar med ei innføring i registrering av dei mest vanlege rekneskapsmessige transaksjonane. Det gir innsikt i registreringsprinsipp, registreringsrutinar og kontoplan.

Kursdeltakarane skal også lære å avslutte og presentere ein årsrekneskap (finansrekneskap). Vidare blir det gjennomgått korleis rekneskapsdata blir behandla i driftsrekneskap for bruk i ulike typar avgjerder på kort og lang sikt.

Kurset gir i tillegg innsikt i prinsipielle og praktiske problemstillingar knytte til investeringar og finansiering (lån) med spesiell vekt på metodar for lønsemd kalkylar.

Timeplan

Det er fire helgesamlingar.
Fredagar frå kl.16.00 - 20.00, laurdagar kl. 09.00 - 17.00, søndagar kl.09.00 - 14.00

1. Samling: 18-20 januar

2. Samling: 8.-10 februar

3. Samling: 15.-17 mars

4. Samling: 26.-28 april