Studieplan - Aktiv omsorg - bevegelse, naturopplevingar og deltaking, vidareutdanning

Kull Hausten 2020

Aktiv omsorg skal bidra til å fremje meistring, kvardagsrehabilitering, positive opplevingar, sosial deltaking, og helse. Studiet legg vekt på kunnskap om bevegelse, naturopplevingar og deltaking.

Føremålet med utdanninga er å i møtekomme behovet for auka kompetanse om bevegelse, naturoppleving og deltaking  for å for å styrke helse, sosial fungering og meistring.

Dette er tråd med Meld.St .26 Fremtidens primærhelseteneste - nærhet og helhet (2014-2015), Meld.St.19 Folkehelsemeldinga - mestring og muligheter (2014-2015) og Meld.St.34 Folkehelsemeldinga - God helse - felles ansvar (2012-2013).

Studiet er aktuelt for ulike yrkesgrupper i offentleg og privat sektor t.d. lærarar (barnehage/ grunnskule), tilsette innan helse- og sosialomsorga, spesialhelsetenesta,  Barn-, ungdom-, og familieetaten (BuFetat), Kriminalomsorga.

Læringsutbytte

Etter gjennomført studium skal studenten:

- ha kunnskap om og erfaring med bevegelse og naturopplevingar som reiskap i eiga yrkesutøving

 -  ha kunnskap til å analysere faglege  problemstillingar med utgangspunkt i kva eit aktivt liv har å seie for livskvalitet og helse

Ferdigheiter:

-  kunne  analysere  teoriar og metodar innan fagområdet og sjølvstendig arbeid med å planleggje og setje i verk prosjekt som legg til rette for aktiv deltaking

Generell kompetanse:

-kunne anvende sine kunnskapar og ferdigheiter i praksis, samt reflektere over eiga fagutøving

Kompetanse / formell grad

Dei to emna i vidareutdanninga kan saman, eller kvar for seg kan gå inn som valfrie emne i  mastergradsstudia

  • Samhandling innan helse- og sosialtenester, Høgskulen på Vestlandet
  • Meistring og myndiggjering, Høgskulen i Volda. 

Innhald

Aktiv omsorg; bevegelse, naturopplevingar og deltaking arbeid er ei vidareutdanning på 30 (15+15) studiepoeng. Den er bygd opp av to emne på 15 studiepoeng: MT 500 Fysisk aktivitet og naturopplevingarog MT501 Fysisk aktive deltakarar. Kvart emne har tre samlingar à fire dagar ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal.

Arbeidsformer

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av førelesingar, aktivitetar, arbeid i grupper og seminar med rettleiing. I tillegg skal studenten gjere arbeidsoppgåver mellom samlingane. Fronter vert nytta som elektronisk læringssystem.