Sosialt arbeid

Bachelor Hausten 2020

Utdanninga innan sosialt arbeid kvalifiserer deg til sosionom. Som sosionom arbeider du med menneske som treng støtte i ei vanskeleg livssituasjon.

Som sosionom møter du enkeltmenneske og familiar med ulike sosiale problem. Det kan vere ein familie som treng råd for å få kvardagen til å gå opp, ein innsett i fengsel som skal tilbake til samfunnet, eller ein person som har stått utanfor arbeidslivet lenge.

Som sosionom hjelper du med å finne løysingar som kan forbetre livskvaliteten, og gje hjelp til sjølvhjelp. Du er også eit viktig bindeledd mellom den enkelte og hjelpetilboda i samfunnet.

Du må vere interessert i andre menneske og deira historie, like å ta ansvar og vere samfunnsengasjert. Du må også ha gode evne til å kommunisere og samarbeide.

Gjennom studiet får du kunnskap om hjelpeapparatet, jus, samfunnsfag, psykologi, etikk og sosiale rettar.

Undervisningsmåtar

I undervisninga får du varierte læringsformer som forelesning, prosjektarbeid, feltarbeid, ferdigheitstrening og praksis.

Praksis

I løpet av utdanninga møter du brukarar og andre kollegar innan sosialt arbeid når du er ute i praksis. Praksisstudiane utgjer om lag 20 prosent av studiet. Du har praksis både første og siste studieår. Slik er praksisperiodane fordelt:

  • Første studieår: 10 veker i praksis
  • Tredje studieår: 13 veker i praksis

Minst ein av praksisperiodane dine bør vere innan forvaltning eller saksbehandling.

Vil du studere meir?

Du kan ta master- og vidareutdanning, og spesialisere deg innan et fagfelt du interesserer deg særleg for. Som ferdig utdanna sosionom kan du blant anna spesialisere deg innan psykisk helse- og rusarbeid, og samfunnsarbeid.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda mens du studerer! Som student i utlandet får du internasjonal erfaring og møter studentar frå heile verda.

Du kan reise på utveksling i ditt femte studieår. Vi samarbeider med mange utdanningsinstitusjonar i Europa, Australia, USA og Afrika. Utvekslingsopphold i utlandet blir godkjent som del av studiet ditt.