Byggingeniør

Bachelor Hausten 2020

Er du interessert i realfag og tekniske løysingar? Som bygg- og anleggsingeniør skal du planlegge, prosjektere og leie arbeidet med nye bygg, anlegg, vegnett med meir, og du blir ettertrakta på jobbmarknaden.

Merk deg at HVL tilbyr utdanningar innan fagområdet ved fleire studiestadar, og at det kan vere lurt å legge inn fleire alternativ på søkarlista di.

Du har emne innan både realfag, naturvitskap, teknologi, byggeteknikk og veg- og anleggsfag. Frå 4. studiesemester kan du spesialisere deg innan prosjekt- og byggeleiing.

Du lærer å:

  • identifisere, planlegge og gjennomføre byggfaglege prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment
  • vurdere økonomi, miljø og samfunn i samanheng med teknologi
  • jobbe i team og gjennomføre prosjektarbeid

Prosjektoppgåver og bacheloroppgåve skjer i samarbeid med næringslivet, noko som gir deg ein unik sjanse til å komme i kontakt med framtidige arbeidsgivarar.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar, ekskursjonar og prosjektarbeid med rettleiing. Delar av undervisninga kan bli på engelsk.

Delar av undervisninga blir overført frå campus Bergen via streaming og filmmodular.

Praksis

Det siste studieåret kan du ha praksis i ei av samarbeidsbedriftene våre.

Kor kan du reise?

Sør-Korea | Myongji University

Sjå korleis det er!