Engelsk

Årsstudium Hausten 2020

I eit stadig meir internasjonalt samfunn vil årsstudium i engelsk vere nyttig i mange samanhengar. I store delar av arbeidslivet vil gode engelskkunnskapar vere etterspurd. Ved vidare studium vil du vere godt rusta til å lese engelsk pensumlitteratur og ta eit studieopphald i utlandet.

Studiet gir deg god trening i å bruke engelsk skriftleg og munnleg, og du lærer om kulturelle, sosiale, historiske og politiske forhold i engelsktalande land.

Det er normalt lagt opp til eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York i England. Hausten 2020 må vi dessverre avlyse denne turen, som var planlagt til veke 44. Vi må sjå an den vidare utviklinga for å sjå om det blir mogleg å gjennomføre turen våren 2021. Vi beklagar dette.

Du lærer:

  • om britisk og amerikansk historie og dagens samfunn
  • språklæringsteori og får praktisk øving i å undervise i engelsk
  • engelsk gramatikk og fonetikk
  • om engelskspråkleg litteratur

Studiet passar godt som vidareutdanning for deg som er lærar.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid med meir. All undervisning er på engelsk, med mykje munnleg aktivitet. Du får tett oppfølging og god skrivetrening.

Vil du studere meir?

Årsstudium i engelsk dannar grunnlag for å fortsette på ei bachelorutdanning innan engelsk.

Kor kan du reise?