Studieplan - Eittårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag

Kull hausten 2020

Forkurset sitt offisielle namn er "Ettårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter nasjonal plan utarbeidd av Universitet og høgskolerådet" med kortforma "forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning".

Forkurset er basert på "Nasjonal plan for eittårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag og tilhøyrande halvårig realfagskurs" utarbeidd av Universitets- og høgskolerådet ved Nasjonalt råd for teknologi i 2014.

Fullført og bestått forkurs etter denne planen gir særskilt opptaksgrunnlag til 3-årig ingeniørutdanning (bachelorgradsstudier i ingeniørfag etter gjeldande rammeplan) og til integrerte masterstudium i teknologiske fag.

Forkurset kvalifiserer ikkje for opptak til bioingeniørutdanning.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Kandidaten har brei kunnskap om sentrale emne og problemstillingar i matematikk, fysikk, kommunikasjon, norsk samt samfunnsfag, på ein slik måte at kandidaten er vel kvalifisert for å gjennomføre ei høgre teknologisk utdanning.
  • Kandidaten har god kunnskap om grunnleggjande teoriar, metodar og omgrep innafor dei aktuelle fagområda.
  • Kandidaten har kunnskap om faga sitt grunnlag for høgare teknologiutdanning.

Ferdigheiter

  • Kandidaten kan analysere fagstoff og trekke eigne slutningar minst på lik linje med andre som er kvalifisert for ei høgare teknologisk utdanning.
  • Kandidaten kan anvende faglige kunnskapar på praktiske og teoretiske problemstillingar på en relevant måte.
  • Kandidaten kan søkje, behandle og vurdere informasjon kritisk.
  • Kandidaten beherskar relevante faglege verktøy.

Generell kompetanse

  • Kandidaten kan planlegge og gjennomføre sjølvstendige arbeidsoppgåver og utføre prosjektbasert arbeid, både åleine og i samarbeid med andre.
  • Kandidaten kan gjennomføre praktiske øvingar og utarbeide rapportar i samsvar med naturvitskapleg arbeidsmetode og funksjonell bruk av språk og struktur.
  • Kandidaten kan reflektere over eigne faglege kvalifikasjonar som grunnlag for vidare val.

Innhald

Forkurset skal ha eit omfang som tilsvarar eitt studieår, dvs. 1600-1700 klokketimar. Med omfang meiner ein her studenten sin totale arbeidsinnsats, som deltaking på undervisning, eige arbeid, arbeid saman med andre elevar, øvingar, førebuing og gjennomføring av prøvar osv.

Følgjande fag inngår:

  • Matematikk med eit omfang på 40 % av eit heilt år
  • Fysikk med eit omfang på 25 % av et heilt år
  • Kommunikasjon og norsk med eit omfang på 25 % av eit heilt år
  • Teknologi og samfunn med eit omfang på 10 % av eit heilt år

Det kan bli gitt fritak for enkelte emne i forkurset på grunnlag av tilsvarande oppnådde kvalifikasjonar. For å kunne søke på "forkurskvoten" for bachelor ingeniør er det ein føresetnad at alle emne i forkurset er avlagt og bestått.

Arbeidsformer

Undervisninga har variert form, frå vanleg klasseromsundervisning til meir studentaktive former som gruppearbeid, prosjektarbeid og laboratorieøvingar. Det vil bli lagt stor vekt på studentaktive læringsformer. Alle fag har obligatoriske innleveringar. Det er krav om obligatorisk oppmøte i 80% av undervisninga.

Vurderingsformer

Sluttvurdering

Vurderingsordninga går fram av kvar emneomtale. Der ikkje anna er gitt, blir det brukt bokstavkarakterar (A - F, med E som dårlegaste ståkarakter). Hjelpemiddel til eksamen er også oppgitt for kvart enkelt emne.

Organisering

Undervisninga skjer normalt på dagtid i vekedagane. I løpet av året kan det bli ei helg med lab-forsøk i fysikk. 

Det er Metis Privatistskole Bergen som står for gjennomføringa av forkurset til ingeniørutdanning, på vegne av Høgskulen på Vestlandet. Metis sine lokale ligg i Lars-Hilles gate 15/17.